Gler seg til å ta fatt

Nils Tore Krosshaug ser fram til trenarjobben med Sogndal 2

Etter cupfinalesigeren mot Rosenborg vart det kjent at Håvard Hatle takkar av som trenar for Sogndal 2 og G19-laget vårt. Samstundes vart ringreven Nils Tore Krosshaug presentert som arvtakar.

Nils Tore har dei siste åra jobba ved Utviklingsavdelinga vår som trenar- og spelarutviklar. Den høgreiste og velkjente karen frå Leikanger har lang fartstid i fotballen, både som spelar og trenar.

- Eg ser det som ein kjempeutfordring å få ta det gode arbeidet som er gjort i 2018 vidare, seier Nils Tore.

Sogndal 2 / G19-laget kunne ta ferie etter ein eventyrleg avslutning på ein flott sesong, der hovudmålet var å halda seg i 3. divisjon som nyopprykka lag. Me tok i tillegg heim to greitt utrulege gull: Cupgullet i NM og siger i Skandinavisk Meisterskap, der danske AGF Århus måtte gi tapt i finalen. No er dei unge gutane klare til å ta fatt på ny.

- Det er ein kjempeflott gjeng med svoltne gutar som vil bli fotballspelarar, og eg ser verkeleg fram til å få vera med på å påverka dei og hjelpa dei på vegen slik at dei kan nå sine målsetjingar, seier Krossen.

Det vil fortsatt vera tett samarbeid mellom A-laget og Sogndal 2.

- Me må trena som me skal spela, seier Krossen, og i det ligg det at når spelarane hans skal opp på hospitering med A-laget, skal dei kjenna seg att i mønsteret.

- Me ynskjer å vera så like som 1. laget som mogleg, dette vil gå att i både trening og kamp, seier trenaren som let seg trigga av å få jobba med slike unge spelarar.

-Hovudmålet er å utvikla gode fotballspelarar, og kan me få lokale gutar inn på A-laget via Sogndal 2, vil eg vera veldig nøgd.

Sjølv om gutane i fjor gjorde ein prestasjon av den utrulege sorten, står ikkje sportsleg leiar Håvard Flo klar med ein bunke kontraktar. Det er ingen motorveg inn i A-stallen, nålauget er trongt.

- Det er nivåskilnad på seniorfotball og juniornivå, men me håpar at dei som fortener det skal få sjansen til å visa seg fram på A-laget gjennom hospitering i treningskvardagen, seier Nils Tore, som er i dialog med Bakke om å få ein god struktur på dette arbeidet.

Eit anna mål er å halda seg i divisjonen, då tredje divisjon er ein flott arena for slike unge gutar å utvikla seg på. Dette såg me att i haust når me gjekk heile vegen i både NM og Skandinavisk Meisterskap. Sesongen i tredje divisjon hadde gjort våre gutar meir robuste, og det er ikkje tilfeldig at ein avgjorde mot slutten av kampane i jamne oppgjer.

Me gler oss til ein spennande sesong!

Annonse fra Obos-ligaen: