Gler seg til kamp!

Saftkokarleiaren oppmodar publikum om å kjøpa billetten før kampdag

Gutane har gjennomført siste trening før avreise til Bergen.

Vidar Vadseth var på treninga, og me slo av ein prat med leiaren for Saftkokaradn.


I morgon reiser gutane til Bergen, der blir det ein siste treningsøkt og andre førebuingar inn mot laurdagens storkamp.

- Det er viktig at folk som har tenkt seg på kamp, kjøpar billetten før kampdag! seier Vadseth.

Det har Vidar heilt rett i. Tysdag var det selt over 13 000 bilettar, og no torsdag ettermiddag er det berre 370 billettar att på bortefeltet.

Me håpar at mange tek turen og fargar felt FK-RS på Brann Stadion i svart og kvitt. Kjøp billetten her. 

Saftkokaradn BrannB 2016 Foto - Rune Sjøberg

Karane er klare og dei gler seg til kamp!

Her er nokre bilete frå dagens trening (foto: Rune Sjøberg)



Brann - Sogndal
Brann Stadion
Laurdag 9/9 kl. 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: