Rapport frå skadestova

Trond Vegard Ripe har ting på stell

Eit stykke ut i sesongoppkøyringa hadde vår nye fysioterapeut Trond Vegard Ripe travle dagar med gutta våre. Etterkvart har ting roa seg, og no er troppen nokså frisk.

- Alle er friske og raske om me ser vekk frå dei som er ute med litt lengre skadeavbrekk, fortel den joviale jølstringen.

Lars Christian Kjemhus skada leddband i kneet på Gran Canaria, måtte reise heim for operasjon.

- Operasjonen var veldig vellukka, og han er no i full gong med treninga. Mot slutten av denne veka har han vore med på treningsfeltet med resten av gutta, fortel Ripe.

Lars Christian har jobba godt, og vore tolmodig. Han treng litt meir tid på feltet før han er kampklar, men er i full trening.

Trond Vegard (til høgre) ser på treninga i lag med fysisk trenar Knut Ripe.
Trond Vegard (til høgre) ser på treninga i lag med fysisk trenar Knut Ripe.

Kristinn Jónsson skulle gjerne ha vore med mot gamle lagkameratar i helga, og var lei seg for at han måtte vera heime. Han er ute med ein lårskade i nokre veker til, men er tilbake i trening.

Kasper Nissen skada seg rett før avreise til Gran Canaria, og den raske dansken måtte opererast då han rauk korsbandet. 

- Operasjonen til Kasper var vellukka og han har so langt hatt ein veldig bra rehabilitering, seier Trond Vegard. 

Kasper skal vera her i Sogndal litt til, før han reiser heim til Danmark og driv med gjenopptrening der.

- Kasper må bruka tid no. Opptreningsfasen etter ein slik skade er viktig, og han er ute mesteparten av sesongen, avsluttar Ripe.

Tre mann ute, resten er friske og raske! Me er klare for seriestart.

Annonse fra Obos-ligaen: