God start

Grei gjennomkøyring då me slo Florø 4-1 i Sognahallen

Det vart ein komfortabel 4-1 siger over Florø i dagens treningskamp i Sognahallen, den første for året.

Etter eit snaut kvarter skåra Sigurd Haugen årets første mål, ei flott skåring etter corner. Kvarteret etter auka Akor Adams til 2-0, som óg vart pauseresultatet.

Me stilte med dette mannskapet i dag

Etter kvilen stile Bakke med eit heilt nytt lag på bana, men kampen fortsatte i samme sporet. Det vil seie at me styrte det meste som skjedde ute på matta.

Sixten Jensen auka til 3-0 etter halvtimen av 2. omgang, der Mathias Sundberg gjorde ein god gjenvinngsjobb i forkant at skåringa. Vegard Savland skåra eit trøystemål, medan Sivert Mannsverk skåra dagens siste nokre minutt før full tid.

Det var eindel unge som fekk sjansen til å visa seg fram, noko dei gjorde, Unge Mathias Sundberg spelte dei siste 25 minutta og han tok godt føre seg.

Hallo Sogn var på plass og streama kampen. Sjå oppgjeret her

På fredag er det ny treningskamp i hallen, då kjem Hødd på besøk. Avspark klokka 16.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: