- God treningsøkt!

Bakke sine gutar slo Florø 2-0 i Sognahallen.

Ettermiddagens treningskamp mot Florø vart av det korte slaget. Diverre braut uheldige Gino Omerovic foten i det 85. minuttet, og då fann Terje Rognsø og Eirik Bakke ut at ein berre avslutta kampen medan dei venta på ambulanse.

Som sist helg lot Eirik mange få speletid. Desse elleve starta:

Mathias Dyngeland - Magnus Pedersen, Per-Magnus Steiring (på treningsopphald), Christophe Psyché, Taijo Teniste - Kasper Nissen, Eirik Birkelund, Simen Brekkhus, Tomas Totland (på treningsopphald) - Ole Amund Sveen, Martin Ramsland.

To danske drenge: Magnus Pedersen og Kasper Nissen
To danske drenge: Magnus Pedersen og Kasper Nissen

1. omgang var tett og frisk. Florø var kanskje i overkant på hogget for ein treningskamp. Mellom anna vart Christophe Psyché meia ned, slik at han såg 2. omgang med ispose på ankelen. Laga i OBOS-ligaen skal få kjenne at gutane til Rognsø kjem til å gje bånn gass i årets sesong.

Per-Magnus Steiring er på treningsopphald frå Rosenborg
Per-Magnus Steiring er på treningsopphald frå Rosenborg

Kasper Nissen fekk spele sine første minutt i Sogndal-trøya, og me fekk sjå at den danske drengen var kvikk i steget. Simen Brekkhus spelte på midten, og hadde eit godt gjensyn med gjengen han rykka opp i lag med i fjor.


I pausen gjekk nesten heile Sogndal sitt lag i dusjen. Bakke starta 2. omgang med denne gjengen:

Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Vegard Leikvoll Moberg, Per-Magnus Steiring, Victor Grodås - Tomas Totland, Henrik Furebotn, Johan Hove, Edin Øy - Bendik Bye og Oddbjørn Skartun (på treningsopphald).

Det er nokre år sidan Oddbjørn trakk den kvite trøya over hovudet, og det var kjekt å sjå han på topp i dag. Han skal trene saman med oss litt framover no medan han er på jakt etter ny klubb.


Utover i omgangen vart skilnaden på laga meir synleg, og ut i frå spel og sjansar er det eit rettferdig resultat. Det var Oddbjørn som fekk krangla inn det første målet, om ein legg litt godvilje til. 2-0 målet stod Vegard bak.

Nokre år sidan sist i kvitedrakta: Oddbjørn Skartun
Nokre år sidan sist i kvitedrakta: Oddbjørn Skartun

- Dette var ei god treningsøkt, sa Eirik Bakke etter kampslutt, då reporter Hjønnevåg tok ein prat med han.


Neste kamp er søndag 29/1 kl. 12. Då kjem det nyopprykka Eliteserielaget Kristiansund på besøk.


Alle foto: Toril Walker Norheim

Annonse fra Obos-ligaen: