Halvveges i årets sesong

Status etter femten kampar

Etter sigeren mot AaFK på laurdag, kunne me setja strek for første del av Eliteserien 2017.

Det har vore litt trist, og mykje moro. Her er skåringane våre so langt.


Nedtur
Det var ein tung periode i vår då me i kvar kamp mista ein nøkkelspelar. Ole Amund Sveen forvann ut med eit stygt beinbrot som hamna på framsida av VG. Christophe Psyché gjekk ned med delvis avriven achilles. Bjørn Inge Utvik fekk berre spela snaue fem minutt i heimbyen då me møtte Haugesund, før han vart køyrt til sjukehus med brukken ankel. I tillegg har me Kasper Nissen ute med korsbandskade og Victor Grodås med kneskade. Victor er attende på treningsfeltet no.

Fysio Trond Vegard Ripe har verkeleg hatt ein travel start på arbeidet i Sogndal, me håpar at han får ein rolegare haust.

IMG_0908


Det var surt å gå frå 2-0 til 2-3 mot Brann. Me hadde dei på gaffelen, men gjestene hadde meir krefter og klarte å snu kampen. Det var kjekt so lenge det varte: Full stadion og stor stemning, flott vêr og laurdagskamp. Me tek revansjen på Stadion i haust.

Cuptapet i Florø vil me ikkje skriva om ein gong, og me har utsett cupfinalen til neste år. I år går den so seint på året at julelysa i Gravensteingata er tente, so det er kanskje like greitt.

Oppturane
Det å slå Molde på Røkkeløkka 16. mai var kjekt, og å ta Aalesund heime under Lerum Cup var nesten hakket kjekkare. So langt har me tatt 7 av 9 poeng mot laga frå nabofylket. Det er sterkt.

IMG_0881


Det å klå Stabæk 4-1 heime i ein periode der dei vann dei andre kampane sine var eit av høgdepunkta i vår. 

Me møtte Viking heime då heile klubben var prega av sorg etter at me mista vår kjære vaktmeister Sead Sabanovic. Gutta gav alt for Sead i kampen, og me vann 4-0 etter at Gilbert Koomson skåra hat trick.

Bendik Bye sørga for litt av ein jubel då han banka inn 3-2 fem minutt på overtid mot Sandefjord. Det var so fortent. Det er slike augneblink som gjer fotballen magisk.

Ulrik Fredriksen KristiansundB 2017 Foto - Rune Sjøberg (4)

Då dei etablerte vart skada, måtte unge gutar trå til. Ulrik Fredriksen veks for kvar kamp, og for dei som har spurt etter kven som tek steget opp eit par hakk i år: Der ligg svaret. Han debuterte med stil som syttenåring mot Haugesund, måtte stå over mot Viking, men var ei klippe då me møtte Molde. Sidan har han spelt kvart minutt, og blitt utteken på G18-landslaget.

Ein gut frå tjukkaste Sogndalsfjøra fekk ein etterlengta debut frå start i landets øvste divisjon. Me visste kva Johan Hove stod for, men at han skulle ta det so bra, var utruleg kjekt. Seksten år og spelte som ein dreven veteran på midten mot Odd! Han gjorde en kjempejobb frå start mot Rosenborg på Lerkendal, og kom inn og bidrog då det storma litt mot slutten mot Aalesund. Me vil få sjå mykje til Johan i åra framover!

IMG_0725



Mathias Lønne Dyngeland tek stadige steg. Han har vore kaptein store delar av vårsesongen, og gjort sakene sine so bra at han vart utteken i troppen til A-landslaget til kvalikkampen mot Tsjekkia. Han er berre 21 år, men ein veteran i klubben, og mot Haugesund viste han rein klasse. 

Me har fått gamle kjente heim, då Espen Næss Lund la opp som handballspelar og gjekk tilbake til fotballen då gamleklubben hans hadde akutt stopparmangel. Me har og fått eit nytt, og særs kjekt bekjentskap i gjennomprofesjonelle Kjetil Wæhler, som mot AaFK vart den eldste utespelaren i norsk Eliteserie gjennom tidene. For ein mann! 

IMG_0158


Statistikken
Her tek me ein spansk ein, og linkar til VG Live for tabell og resultat.


IMG_1600



Me gler oss til resten av Eliteserien 2017!

IMG_1139
Annonse fra Obos-ligaen: