Johan klar for Godset

Johan Hove blir drammensar dei neste åra

Sogndal Fotball og Strømsgodset IF er samde om ein overgang for Johan Hove.

Johan har signert ein kontrakt med blåtrøyene som strekkjer seg over dei neste 3,5 åra.


Sogndal Fotball ville gjerne ha med midtbanespelaren vidare. Johan er ein lokal gut som har vakse opp her i Sognahallen og på Fosshaugane. Det unge talentet var soleis ein del av trenar Eirik Bakke sine planar for framtida.

- Det er med ilt i magen at me slepper Johan frå oss i dag, då me ville ha han her hjå oss. Dette er noko Johan sjølv vil, og me ynskjer han lukke til vidare, seier Bakke.


Fotballfolket her i Saftbygda har lenge hatt eit auge med Johan, då det tidleg vart klart at han er eit talent utanom det vanlege. Han har brukt uttallege timar på eigentrening i Sognahallen, og han var den aller første spelaren fødd på 2000-talet som spelte i Tippeligaen. Debuten skjedde på Color Line Stadion i mai 2016 då me slo Aalesund 4-1.

Johan har spelt 29 offisielle A-kampar for Sogndal. Syttenåringen har også ei lang rekkje med aldersbestemte landskampar etter at han debuterte med flagget på brystet i 2015. Han står no oppført med 38 kampar i den norske drakta.

johan_hove_foto_thomas_brekke_saeteren
Johan i landslagstrøya (Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF)

Me er stolte over Johan, og ynskjer han mykje lukke til vidare i Strømsgodset.

Annonse fra Obos-ligaen: