Jonas har signert!

Jonas Tillung Fredriksen blir Sogndal-spelar ut sesongen 2021

Sogndal Fotball og Jonas Tillung Fredriksen (f. 14/11 2000) er samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2021.

Jonas kjem frå Brann, der han i år har vore på B-lista.

Han har spelt tre kampar for A-laget i årets NM. På Brann 2 står han bokført med seks mål på 32 kampar.

Ny Fredriksen signerar for Sogndal.
Ny Fredriksen signerar for Sogndal.

Før tida i Brann, spelte han for moderklubben Sædalen i Bergen.

- Jonas er ein fin type som passar godt inn i profilen vår, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Han er ein svolten spelar som vil opp og fram, og har gått ein god skule i Brann før han kjem hit til oss. Her skal han få utvikla seg vidare, seier Flo.

Jonas er godt kjent med Sogndal. Faren Roar var populær blant publikum på Fosshaugane, og broren Ulrik vert berre meir og meir sentral i dagens spelargruppe.

Unge Fredriksen har allereie hatt på seg kvitedrakta under Sogndal sine kampar i år, dog berre foran TV'en.

- Då Ulrik skåra to mot Kongsvinger, sat me med draktar på oss foran TV, og sidan har dette blitt ein tradisjon, smiler Jonas. 

Den unge midtbanespelaren spelar på G18-landslaget i lag med Johan Hove, og so langt har han spelt seks kampar med det norske flagget på brystet.

Jonas har allereie vore på trening med sine nye lagkameratar. Me snakka med trenar Eirik Bakke etter økta.


Velkomen til Sogndal, Jonas!

Annonse fra Obos-ligaen: