Kasper Nissen til Levanger

Skal på utlån ut sesongen 2018

Sogndal Fotball og Levanger er samde om ein utlånsavtale for angriparen Kasper Nissen. Avtalen går ut sesongen 2018.

Kasper kom til Sogndal frå Nest-Sotra før sesongen 2017, men hadde berre vore her nokre veker før han rauk korsbandet i kneet. Han brukte heile fjoråret til opptrening etter skaden.

For å få meir jamnleg speletid, går han no på eit utlån til divisjonskollega Levanger.

- Me har tru på Kasper, og ser at han har eit stykke att før han er heilt klar for førstelagsspel i Sogndal. No får han sjansen til å spele fotball på eit høgt nivå ut året, og me har tru på at me får ein god Kasper med oss i treningsgruppa etter nyttår. seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Levanger ligg utsett til på tabellen og treng sårt både poeng og skåringar. Der får Kasper Nissen no sjansen til å bidra ut året. Me ynskjer Kasper og Levanger lukke til!

Annonse fra Obos-ligaen: