Kjetil blir ut sesongen

Kneet er friskmeldt - veteranen er veldig motivert for ein spennande haustsesong!

Kjetil Wæhler er med oss vidare ut sesongen 2017!

Då han måtte stå over siste kampen før ferien grunna ein kneskade, vart framtida hans i Sogndal usikker. For Kjetil og oss var det viktig å få ein god status på det helsemessige før me konkluderte vegen vidare.

Etter utredning fikk Kjetil positive tilbakemeldinger på at vidare fotballspel ikkje var noko problem.

Kjetil er tvers i gjennom profesjonell, og det var viktig for han at han kan vera med for fullt.

- Kjetil har vore veldig viktig for oss etter at han kom inn i gruppa i mai, fortel ein veldig glad sportsleg leiar Håvard Flo.

- Med sin internasjonale rutine har han stått fram som eit eksempel for det unge mannskapet vårt, og han har udiskutabelt vore ein viktig mentor både på og utanfor bana. Han har levert ein strålande jobb so langt, held Flo fram.

Firebarnsfaren har familien godt etablert i Oslo, og det var viktig for Kjetil å ha støtte frå familien når beslutningen no skulle takast. Med full støtte heime er han no klar og veldig motivert for denne spennande hausten med Sogndal.

Ulrik Fredriksen og Kjetil Wæhler KristiansundB 2017 Foto - Rune Sjøberg

Annonse fra Obos-ligaen: