Klar for Ljungskile

Edin Øy går til svensk fotball

Edin Øy og den svenske klubben Ljungskile SK er samde om ein avtale som gjer at årdølen skal spela i svensk 2. divisjon. 


Edin kom til Sogndal før sesongen 2015. Han spelte mykje i oppkøyringa fram mot seriestart, og vart utteken på G18-landslaget, der han står bokført med fire kampar. Sterk konkurranse om plassen gjorde at Edin ikkje fekk så mykje speletid med A-laget. I 2016 og 2017 blei det utlån til Førde og Fana, medan årets sesong har vore prega av skadeproblem.

Edin har vore ein god mann i klubben. Han er ein som held humøret oppe i gruppa, og har vore ein særs positiv ambassadør for Sogndal Fotball.

Me takkar Edin for strålande innsats, og ynskjer han mykje lukke til i Ljungskile!

Annonse fra Obos-ligaen: