Klare til ny sesong

Sogndal 2 går eit spennande år i møte

På måndag neste veke er det treningsoppstart for Sogndal 2. I går møttest dei til infomøte i Flostova.

Påtroppande hovudtrenar Nils Tore Krosshaug presenterte årets trenarteam. Krossen tek over etter Håvard Hatle, og det er litt nytt, men mest gamalt:

Hovudtrenar: Nils Tore Krosshaug
Assistenttrenarar: Sondre Skrede og Henrik Furebotn
Fysisk trenar: Siri Nesheim
Keepertrenar: Odd Bjarne Norheim
Oppmenn: Peter Sundberg og Joar Solberg
Medisinmann: Albert Olav Fedje

1U3A0270
Henrik, Krossen, Siri, Peter, Odd Bjarne og Sondre gler seg til ny sesong

Les også: Siri blir trenar i Sogndal (Sogn Avis+)

- Me prøver ikkje, me gjer da!
Nils Tore Krosshaug snakka litt om kva han forventar av gutane i tida som kjem. Han vil ikkje ha noko slurv på treningane.

- Det er greitt om ein ikkje alltid er like opplagt, det er lov, men eg forventar at ein gir 100%, sa trenaren og la til at spelarane sjølve må ta ansvar for eigen kvardag.

Det er óg viktig at ein kan unna kvarandre utvikling og moglegheiter.

Les også: Gler seg til å ta fatt

Spelarstallen 2019
Nikolai Aas (1999)
Fartein Bøyum (2000)
Sigurd Bøyum (2001)
Mikkel Erlandsen (2002)
Jan Reidar Grane
Erlend Hanssen Grov (1993)
Eivind Helgesen (2001)
Jonas Hilt Stoknes (1999)
Thomas Juvik (1998)
Adam Khamurzayev (2000)
Tobias Klepp (2000)
Eirik Lereng (2001)
Sivert Mannsverk (2002)
Elias Mittet (2001)
Anders Nord (2000)
Adrian Solberg (2000)
Eirik Stokkenes (2000)
Mathias Sundberg (2002)
Johan Svedal Flo (1999)
Ørjan Sørflaten (1998)
Daniel Tonheim (2001)
Jonas Torvanger 2002)

Spennande år
Fjoråret vart avslutta på den mest spektakulære måten, med gull i både NM og Skandinavisk Meisterskap for G19. Ein skal ikkje kvila på gamle merittar, og allereie no i januar startar ein opp med vinterserien, som er kvalifiseringa til NM i 2019. Me kjem nærare tilbake til dette.

Sogndal 2 skal i år møta desse laga i 3. divisjon (Norsk Tipping-ligaen avdeling 4):
Fyllingsdalen
Lysekloster
Brann 2
Fana
Stord
Os
Bergen Nord
Djerv 1919
Vard Haugesund
Sogndal 2
Fjøra
Strømsgodset 2
Vestfossen
Valdres

Med suksessen i Telenor Arena, kvalifiserte me oss óg til UEFA Youth League, noko som gjer at me til hausten skal ut i Europa! Motstandar er ikkje klar, men eit spennande eventyr kan me lova at det blir!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: