Kristian på utlån

Skal hjelpe Glimt tilbake til Eliteserien

Sogndal Fotball er i dag einige med Bodø/Glimt og ein utlånsavtale for Kristian Fardal Opseth fram til juli 2017. Kristian sluttar seg til troppen på Aspmyra umiddelbart.

- Det har vore rift om Kristian sine tenestar, og me har hatt mange henvendigar frå klubbar i det siste, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Då det vart begrensa med speletid i fjor, var det no viktig at me fekk i stand eit utlån der Kristian har sjansen til å få spele viktige kampar regelmessig.

- Bodø/Glimt er ein profesjonell og fin klubb for Kristian i denne fasen, og med Aasmund Bjørkan som trenar er me trygge på at han er i gode hender, seier Flo.

Den sympatiske guten frå Kaupanger har gode minner frå ligaen han no skal spele i. I 2015 herja han i OBOS-ligaen, der han skåra 16 mål og hadde to assist på 26 kampar.

- Kristian treng å få godkjensla tilbake, og me håpar at han vil sørga for at publikum på Aspmyra får ein kjekke vårsesong, avsluttar Håvard Flo.

Me ønskjer Kristian lukke til.

Annonse fra Obos-ligaen: