Kvalifiseringsspel for Eliteserien 2019

Her er litt info om kvalifiseringskampane

I dag startar kvalifiseringsspelet for Eliteserien 2019. Landets øvste divisjon gjorde seg ferdige i går, og det var på Nadderud i Bærum det største dramaet utspant seg.

Start hadde snubla i Haugesund og Lillestrøm gjorde jobben mot Kristiansund. I Bærum såg det ut til at heimelaget skulle gjera spådommane til skamme og redda plassen. Men så skåra Godset på overtid, Drammen eksploderte i lykkerus og Stabæk vart laget frå Eliteserien som må ut i den vanskelege kvalifiseringa.

Slik ser det heile uke dei neste vekene:

Sundag 25. november klokka 16.00
Sogndal - Ull/Kisa
Aalesund - Nest Sotra

Torsdag 28. november klokka 18.00
Her skal vinnarane frå den første kampen møtast.
Laget med best tabellplassering har heimekamp.

Onsdag 5. desember kl. 18.00 brakar det laust mellom laget som endar på 14. plass i Eliteserien (Stabæk) og laget som kjem frå OBOS-ligaen. Den kampen går på Nadderud.

Sundag 9. desember kl. 18.00 skal det heile avgjerast på OBOS-ligalaget sin arena. Vinnaren her skal spela i Eliteserien 2019. 

Me håpar me får vera med på dette heilt til siste spark, og at det er på Fosshaugane rakettane går i lufta den 9. desember! 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: