Magnus reiser frå oss

Dansken dreg heim til Odense

Magnus Fruergård Pedersen og Sogndal Fotball har avslutta kontrakten. Dansken har vore her sidan januar 2016.

Han spelte 2 cupkampar og 7 kampar i Tippeligaen det første året. I 2017 var han på utlån til Elverum i OBOS-ligaen, der spelte han 13 kampar.

- No reiser eg heim til Odense. Der skal eg sjå på forskjellige moglegheiter for vegen vidare, seier Magnus.

Heime i Danmark skal han halde seg i form gjennom trening med ein klubb i heimbyen medan han jaktar ny klubb og nye utfordringar.

- Det er litt rart og vemodig å reise herfra no, fortel Magnus.

- Eg har hatt det veldig fint her i Sogndal, spesielt det første året der eg fekk litt speletid. Å starta mot Rosenborg her på Fosshaugane var veldig kjekt.

Det har ikkje vore lett for Magnus å få speletid på A-laget. Som høgreback kjempa han om plassen på laget med Taijo Teniste, vår kanskje beste og mest stabile spelar dei siste åra.

- Taijo er ein kjempekar, og ein veldig god fotballspelar. Det var ikkje lett å danka ut han, seier Magnus, som vil sjå på tida i Sogndal som ein periode der han fekk læra mykje.

- Eg har lært mykje fotball, men kanskje meir har eg lært mykje om meg sjølv som ung gut i utlandet. Eg har vekse eindel på det.

Magnus fortel at han er veldig glad i klubben Sogndal og at bygda har vore flott å vera fotballspelar i.

- Det er lettare å fokusera på fotballen i Sogndal enn i ein større by med fleire aktivitetstilbod. Eg håpar karane gjer ein god sesong og at det blir opprykk til hausten.

Mest vil han sakna kompisen Lars Christian Kjemhus når han no reiser frå oss.

- Lars og eg har delt leilegheit, Me har hatt det veldig kjekt i lag, seier Magnus.

- No ser eg fram til å starta på nytt, få ein klubb og forhåpentlegvis få meir speletid, avsluttar Magnus Pedersen.

Me takkar den sympatiske dansken for tida me har hatt i lag, og ynskjer Magnus mykje lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: