- Me har alt å vinna!

Eirik Bakke ser fram til kampen mot Strømsgodset

På sundag skal me ut i skikkeleg krig i Drammen.

På Marienlyst Stadion møter me eit heimelag som verkeleg er i dytten. Etter ein veldig dårleg vårsesong framstår gutane til Tor Ole Skullerud no som eit heilt anna lag.

På dei siste fem kampane står dei med fem sigrar. 

- Godset har alt å tapa, me har alt å vinna. Me må reisa til Drammen med lave skuldre, seier Eirik Bakke i dette intervjuet etter treninga fredag.


Er du austafor? Ta turen til Drammen og støtt gutane i kampen om tre veldig viktige poeng på sundag!

Strømsgodset - Sogndal
Marienlyst Stadion
Sundag kl. 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: