Me slo Enga 5-2!!

Fotballfest på Haugadn då me sikra kvalifiseringsspel mot Ranheim


For ein thriller dei 3585 på tribuna fekk servert på Fosshaugane Campus i kveld!

Les om kampen i Sogn Avis

Les kampreferatet til Firda Live

Trenar Eirik Bakke sa det før kampen, at det er slike kampar me hugsar lenge, at det gjer ilt i magen, men det er slik det er å vera glad i Sogndal Fotball. I kveld kan me jubla, men allereie i morgon er det fokus inn mot onsdag og nytt nervedrama. Då går første kvalikkamp mot Ranheim.

Det var Ole Martin Rindarøy som skåra kampens første mål. Gilbert drog ei flott forsering ned på høgresida og fekk lagt inn. Stanisa Mandic heada og keeper måtte gi retur. Der dukka Ole Martin opp og skåra sikkert. På stadionuret stod det berre fem minutt. 

IMG_0106
Ole Martin kan sleppa jubelen laus etter 1-0 (Foto: Rune Sjøberg)

Enga utlikna eit drygt kvarter seinare, og i Ålesund leia heimelaget mot Godset. Men det var ikkje so mørkt som det såg ut til. Karane produserte sjansar, og det var ikkje ufortent at Eirik Birkelund kunne senda oss opp i føringa med 2-1 berre fire minutt før kvilen. At Strømsgodset hadde utlikna i Ålebyen gjorde at me kunne ta pausekaffien med optimisme.

IMG_0512
Eirik Birkelund takkar Gilbert for flott forarbeid på 2-1 målet (Foto: Rune Sjøberg)

Gutane gjekk rett i angrep etter pause, og Martin Ramsland hadde eit skot i tverra. Det var likevel gjestene som skåra det første målet etter sidebytte, og det var det avtroppande kaptein Jostein Grindhaug som stod for. Den sympatiske haugesundaren takkar av etter mange år i Enga, og det gjorde han med eit vakkert plassert frispark. 2-2.

Gutane svarte sporenstreks! Berre to minutt etter utlikninga smalt det, og då det var ingen ringare enn Taijo Teniste som skåra, kunne me ana at dette var kvelden kor me skulle stå att med smilet.

Reiss Greenidge og Bendik Bye var komne inn, og det var den høgreiste engelskmannen som med lange kliv fekk lagt inn i feltet, der var det litt klabb og babb før ballen til slutt hamna hjå Taijo. Han banka laus, Bendik måtte hoppa over kula, som gjekk som eit prosjektil inn i garnet. 3-2, og uret viste 70 minutt og på Color Line var stillinga 2-1 til AaFK.

IMG_0463
Taijo skåra sitt første mål i kvitedrakta då det gjaldt som mest! (Foto: Toril Walker Norheim)

Me hadde meir i vente, for det var seks magiske minutt på Fosshaugane, og me var i midten av dei. Reiss la nok ein ball inn i feltet i det 72. minuttet. Bendik fekk avgårde eit skot, keeper fekk avverga men måtte gi retur. Og der! Der dukka Martin Ramsland opp, og fekk endeleg slutt på ein litt vond måltørke. 4-2 og stor steming på Fosshaugane.

_45A5750
Martin sender Fosshaugane til himmels med 4-2 skåringa si (Foto: Ingvild Fridtun)

Så i det 76. minuttet fekk med frispark i Chidi-posisjon. Han stod der i lag med kompis og ein av banas beste, Gilbert Koomson. Chidiebere tok rennafart, og skaut slik berre han kan. Pang i krysset, 5-2 og jubelen stod i taket!

IMG_0298
Chidiebere Nwakali set 5-2 rett i krysset! (Foto: Rune Sjøberg)

Aalesund slo Godset 4-3, enda på lik poengsum som Sogndal, men med dårlegare målskilnad må dei ta den tunge vegen ned i OBOS-ligaen til neste år. Me veit kor tungt det er, men me veit óg at opphaldet der ikkje trenger å vara lenge. Me håpar at våre vener i AaFK kjem raskt tilbake til Eliteserien.

Sesongen er langt frå over. Det er mykje jobb som skal gjerast før me tek juleferie. På onsdag er det nytt nervedrama på Fosshaugane, då spelar me første kvalikkamp mot Ranheim. Me håpar at mange tek turen og støttar oss slik at me får den same boosten som dagens publikum bidrog til.

IMG_0411
Stor innsats frå vår tolvte mann i dag! Tusen takk for støtta!! (Foto: Rune Sjøberg)

Laurdag 2. desember avsluttar me sesongen i Trondheim.

Billettar til onsdagens kamp kjøpast her, og her er litt info rundt kampen.

Annonse fra Obos-ligaen: