- Mykje positivt!

Det vart 0-1 mot Brann, men prestasjonen til gutane var veldig bra.

Det vart 0-1 mot Brann i dagens treningskamp etter at det stod 0-0 til pause.

Brann sitt mål vart skåra av Skålevik etter dødball i 2. omgang.

Sjå samandrag av kampen her.


Bergensarane starta kampen best, og spesielt Gilbert Koomson var giftig de første 20 minuttane av kampen. Etterkvart kom gutane våre meir med, og me skapte ein del sjansar utover i omgangen. Eit par var av den feite sorten.

Me snakka med ein som vanleg smørblid Gilbert etter kampen.


I andre omgang skåra Brann etter ein dødball, og det vart kampens einaste mål. Me skapte fleire store sjansar, og det var ein godt nøgd trenar me snakka med etter kampen. 

Trenar Eirik Bakke var veldig nøgd med gutane sine, og trakk fram fleire. Spesielt kaptein Even Hovland fekk skryt av sjefen. - Dette er det beste eg har sett av Even etter at han kom tilbake!


Even var også nøgd då me snakka med han etter kampslutt.


Les om kampen i Sogn Avis

Kampfakta frå kampsaken til BA

Sogndal - Brann 0-1 (0-0)

Treningskamp fotball menn. Sognahallen, 490 tilskodarar. Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra FK. Gult kort: Steiring, Sogndal. 

Mål: 0-1 Steffen Lie Skålevik (54).

Sogndal (4-4-2): Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Even Hovland, Per Magnus Steiring (Ulrik Fredriksen fra 75), Ole Martin Rindarøy (Reiss Greenidge fra  7.) - Stanisa Mandic (Joachim Soltvedt fra 62), Eirik Birkelund, Didé Fofoana, Eirik Schulze (Lars Christian Kjemhus fra 83) - Markus Brændsrød (Sixten Jensen fra 75), Sigurd Haugen (Ulrik Flo fra 62).

Brann (4-3-3): Samuel Sahin-Radlinger - Taijo Teniste, Jonas Grønner, Bismar Acosta, Vidar Ari Jonsson (Ruben Kristiansen fra 46) - Fredrik Haugen (Peter Orry Larsen fra 65), Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen (Amer Ordagic fra 46) - Gilbert Koomson, Steffen Lie Skålevik (Henrik Kjelsrud Johansen fra 65), Kasper Skaanes (Gilli Rólantsson fra 65).

Allereie på fredag er det ny kamp her heime mot Hødd, før karane deretter reiser til Marbella for å gjera siste finpuss før sesongstart. Avspark på fredag er klokka 17.00.

Annonse fra Obos-ligaen: