Nikita Baranov klar for Sogndal

Estlandsk landslagsspelar har signert

Sogndal Fotball og Kristiansund BK er samde om ein overgang for midtstopparen Nikita Baranov (f. 19/8 1992). Nikita har signert ein kontrakt som gjer at me får sjå han i kvitedrakta ut 2019-sesongen.

Baranov er frå Tallin i Estland, og han har spelt 28 A-landskampar og 31 aldersbestemte landskampar for heimlandet. 

- Dette er ein internasjonal stoppar, ein bra mann! seier trenar Eirik Bakke, som er veldig glad for å ha fått ein slik spelar inn.

- Nikita er veldig profesjonell, me veit at me vil få 110% av han. I tillegg har me jo veldig god erfaring med spelarar frå Estland, smiler Eirik, og siktar til Taijo Teniste, som er lagkamerat med Nikita på landslaget.

IMG_0191
Nikita i kamp mot Martin Ramsland under fjorårets kamp i Kristiansund. (Foto: Rune Sjøberg)

Yngve Hallén og Håvard Flo har gjort eit godt stykke arbeid med å få Baranov til Sogndal.

Før fjoråret kom han til Kristiansund BK, og han har spelt 38 kampar for blåtrøyene.

Det er ein merittert spelar me får inn i gruppa. I 2011 gjekk han til Flora Tallin, som er det beste laget i heimlandet. Der var han med på å vinna serien tre gonger, cupen to gonger og den estlandske supercupen tre gonger. Han har óg spelt kvalifiseringsspel for Champions League og Europa League.

Nikita har spelt på Fosshaugane før, i fjor spelte han begge kampane då me møtte Kristiansund i serien. I dag gjennomførte han sin første trening med dei nye lagkameratane.

red1W6A0818
Første trening med nyeklubben: Nikita Baranov (Foto: Elin Hæreid)

Han var godt nøgd med det han så.

- Eg er veldig glad for å vera her. klubben viser at dei trur på meg, og eg vil gjera mitt beste for å hjelpa dei oppatt i Eliteserien. Det er der Sogndal høyrer heime! seier estlendaren.

- Det er veldig kjekt at Nikita ville koma til Sogndal, og me ser fram til denne tida i lag med han. No har han fokuset sitt her, og her skal me leggja til rette for at han kan utvikla seg vidare, avsluttar Bakke.

Velkomen til Sogndal, Nikita! 

Nikita Baranov
Nikita Baranov er klar til innsats. (Foto: Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: