NTP forlengar samarbeidet

og har kome attende på vårt draksett.

Sogndal Fotball og Avery Dennison NTP er samde om ein ny samarbeidsavtale som strekkjer seg ut sesongen 2021.

Ny logo på shorts
Eit nytt element i samarbeidet er profilering på bakside shorts.

- Me er svært nøgde med å få NTP tilbake på vårt draktsett. Tidlegare har dei vore på arm, og er no attende på shortsen. Som leverandør av transfertrykk (logo-trykkene) er det kjekt å kunne tilby denne flata til ein loakal og god samarbeidspartnar, seier Terje Teigen, salssjef i Sogndal Fotball.

Likheitstrekk
Dagleg leiar i Avery Dennison NTP, Tom Dyrdal er nøgd med forlenginga av samarbeidet.

- Ein kan finna mange likheitstrekk mellom Sogndal Fotball og Avery Dennison NTP, men grunnen til at me passar so godt i lag, er nok at me har nokonlunde lik historie med oss i frå dei siste tiåra, seier Dyrdal.

- Begge har vore små i sin bransje, og har mot alle odds jobba seg oppover til toppen over tid. Avery Dennison NTP som held til i Gaupne, har og etterkvar fått store namn på kundeblokka si både i inn- og utland, held han fram.

NTP skal levera transfermerker til Premier League
Frå og med sesongen 2019/2020 skal NTP levere alle namn og nummer til draktene i Premier League. I første omgang gjeld avtala med Premier League for 3 år framover, og vil resultere at mellom 15-20 millionar merker skal produserast på fabrikken i Gaupne.

- Ein av grunnane til at denne gjekk i boks er nok den gode kvaliteten på produktet, men også at me produserar miljøvennlige logoar, seier Dyrdal.

Sogndal Fotball ser fram til nye gode år med Avery Dennison NTP som leverandør og samabeidspartnar. SNP!

Annonse fra Obos-ligaen: