Ny kantspelar inn

Raske Stanisa Mandic er klar for Sogndal

Sogndal Fotball og den serbiske klubben FK Čukarički er samde om ein utlånsavtale som strekkjer seg fram til 1/8 2018 for Staniša Mandić (f. 27/1 1995). I avtalen ligg det óg ein kjøpsopsjon.


- Dette er ein veldig spennande spelar som kom til oss gjennom nettverket vårt i Serbia, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

- Staniša Mandić er ung, han har eit veldig høgt teknisk nivå, og han er rask. I tillegg er han ein veldig fin type som vil passe godt inn i gruppa vår, held Flo fram.

Mandić er frå Herceg Novi i Montenegro, der han spelte for FK Igalo 1929. Som 16-åring gjekk han til den tradisjonsrike klubben FK Vojvodina i Serbia i 2011. Han spelte so U17 fotball for FK Rad i Beograd, ein klubb som har produsert mange store spelarar. I 2013 gjekk han til FK Čukarički, som han no er på utlån i frå.

Mandić har spelt 75 kampar og skåra 6 mål for klubben som er i den serbiske Superligaen.

Internasjonalt har Stanisa ein greitt imponerande CV, då han er verdsmeister for U20 laget til Serbia. I 2015 skåra han 1-0 målet mot Brasil i finalen i U20 VM, ein kamp serberane vann 2-1. Året før spelte han U19 EM, der Serbia kom til semifinalen. Han har totalt 20 kampar på aldersbestemte landslag i Serbia. Dei siste åra har han representert Montenegro, der han har 4 kampar for A-landslaget og 2 kampar for U21.

- Me har sett etter ulike typar i kantrolla, og Stanisa er ein spelar me trur vil passa godt inn her hjå oss, seier Flo.

Me har pr. dato ein ganske stor tropp, og når ein no tek inn ein ny spelar har Flo ein plan rundt dette.

- Me vil prøve å utvikle spelar vidare i høve til framtida både for klubb og spelar, seier Flo, som med det signaliserar at han gjerne kjem til å få den raske kantspelaren her på permanent basis i framtida.

Trenar Eirik Bakke er glad for å ha Mandic på plass.

- Som Håvard seier so er dette eit litt framtidsretta prosjekt. Me veit at Gilbert Koomson ein dag vil reisa, og då må me vera førebudde på det. Men Stanisa er allereie no slik at han kan gå inn og vera med og bidra på bana, seier Eirik.

- Me må gje han litt tid, han kjem frå ein anna kultur og anna spelestil, og må få kjenna litt på det.

Eirik seier det er spennande med ein spelar frå eit område me ikkje har vore aktive i tidlegare.

- Håvard var i området i fjor og knytte kontaktar, og no kan me hausta fruktene av eit nytt og spennande samarbeid. Det er viktig for utviklinga vår i Sogndal at me tør å gå nye vegar, seier Bakke.

Me ynskjer Stanisa velkomen til Sogndal!

IMG_0540
I aksjon på dagens trening

(Spelaren er ikkje formelt speleklar endå då det gjenstår nokre overgangsrelaterte formaliteter)

Annonse fra Obos-ligaen: