Ny keeper signert

Renze Fij blir sogndalspelar i sesongane 2020-2021

Renze Jagger Fij og Sogndal Fotball har skrive ein avtale som gjer keeperen frå Nederland til sogndalspelar dei neste to sesongane.

Renze er 27 år gamal og 189 på sokkelesten. Han kjem frå Enschede i treskolandet og spelte ungdomsfotball i FC Twente. Han har vore innom klubbar som Go Ahead Eagles, FC Groningen, Heracles Almelo og FC Dordrecht i heimlandet, før han i fjor spelte i Florø. I år har han vore sisteskansen til Nest-Sotra. 

- Renze er ein fin keepertype som vil passa godt inn i keeperteamet vårt i lag med Håvard Hetle, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Det er ein sympatisk kar som kjem til å setja eit positivt preg i garderoben og me er sikre på at han vil fortsetja den fine utviklinga si når han kjem til oss, seier Flo.

Me vil presentera Renze skikkeleg når han er på plass her etter nyttår.

Det er då klart at Mathias Lønne Dyngeland forlet oss etter mange år med solid og trufast teneste. I samråd med Mathias vel me å ikkje fokusera på at han skal reisa før etter at sesongen er ferdigspelt. Mathias er veldig dedikert til oppgåva som ventar, og har fullt fokus på Sogndal no inn i kvaliken. 

Annonse fra Obos-ligaen: