Ny midtstoppar klar

Steiring har signert for tre år.

Sogndal Fotball og Rosenborg BK er i dag samde om ein overgang for Per-Magnus Steiring (f. 07.02.1997).  

- Per-Magnus er ein moderne midtstoppartype. Han har god fysikk, er rask og han er god med ballen, seier sportsleg leiar Håvard Flo

Steiring er frå Fauske i Nordland, og har sidan 2014 vore Rosenborg-spelar. No har Per-Magnus signert ein avtale med Sogndal Fotball som strekkjer seg ut 2019-sesongen.

- Me er veldig glade for å få Per-Magnus til oss. Han er ein ung og lovande midtstoppar, som gjennom si tid i Rosenborg-systemet har gjort verdifulle erfaringar.

Per-Magnus har 30 landskampar og tre gonger har han skåra med det norske flaget på brystet. Nokre av kampane har han og vore kaptein.

Han fekk sjansen til å visa seg fram då me møtte Florø i helga. Per-Magnus spelte heile kampen, og gjorde ein så god figur at Bakke og Flo vil ha han med seg vidare.

IMG_0225.JPG

- Det bur ein leiartype i Per-Magnus. Han er ein fin type som vil passa godt inn i vår profil og i treningsgruppa.

Ungguten frå Fauske har hatt tøffe karar å bryna seg på i Rosenborg, og han har fire offisielle kampar for trøndarane. Alle har vore i NM, og det gjer han til dobbelt Norgesmeister, etter at RBK vann cupen i 2015 og 2016.

På hausten i fjor gjekk han til Viking på lån. Der spelte han to kampar i Tippeligaen. 

Me ser fram mot tre god år i lag med Per-Magnus. Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: