Ny venstreback klar

Ole Martin kjem på lån resten av sesongen

Sogndal Fotball og Molde Fotballklubb er i dag samde om ein utlånsavtale for venstrebacken Ole Martin Rindarøy (f. 16/5-1995) for resten av sesongen 2017.

- Med skaden på Lars Christian Kjemhus, hadde me ei utfordring på venstre backplass. No får me inn ein veldig lovande og ung gut i Ole Martin, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Håvard rettar ein takk til Molde FK for godt samarbeid rundt denne utlånsavtalen.

Ole Martin var i moderklubben Gossen IL i Aukra kommune, før han vart Molde-spelar i 2011. Han har gått gradene i Molde FK, og fekk sin debut i Tippeligaen på A-laget 9.juni 2014, då Molde slo Brann med 4-2. Han mangla ein kamp på å bli seriemeister dette året, men han vart cupmeister.  

Rindarøy var på utlån til Start i sesongen 2015, der han spelte 20 kampar for sørlandsklubben. I fjor var han på utlån til Lillestrøm, der han spelte 21 kampar for kanarifuglane. I årets sesong har Ole Martin spelt 9 kamper for Molde, både i NM og Eliteserien.

- Ole Martin er ein moderne backtype med god fart og han er bra med ballen, seier Flo.

- Me får inn ein spelar med ein del erfaring frå Eliteserien, og han kjem frå ein god treningskvardag i Molde. Me gler oss til å ha Ole Martin her resten av sesongen, avsluttar Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: