Ny venstreback signert

Islandsk landslagsspelar klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for Kristinn Jónsson (f. 4. august 1990). Den islandske venstrebacken vert Sogndal-spelar ut sesongen 2017 i første omgang.

- Me er veldig glade for å ha Kristinn på plass hjå oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Kristinn går rett inn i gruppa, og er no på veg saman med sine nye lagkameratar til treningsleir på Gran Canaria. 

- Han gjorde eit veldig godt inntrykk då han kom og var med på treningar og spelte treningskamp mot Kristiansund sist helg. Han er ein type me vil ha med oss vidare, fortel Flo.

Annonse:
Kristinn spelte for Breidablik på Sagaøya fram til 2013. Han reiste til Sverige og Brommapojkarna, før han i 2016 slutta seg til Sarpsborg 08.

Med 32 aldersbestemte landskampar og 7 kampar på det islandske A-landslaget, er det ein rutinert kar me får inn i gruppa.

- Kristinn har gjort seg gode erfaringar frå toppfotballen både på Island og i Sverige, og gjennom deltaking på landslag. Han vil vera ein referansespelar for vårt unge mannskap, held Flo fram.

Kristinn Jónsson er inne i varmen på det islandske A-landslaget, og deltok under China Cup tidlegare i vinter. Under treningsleiren på Gran Canaria skal han og på landslagsoppdrag, då islendingane skal til Las Vegas for å spele mot Mexico den 8. februar. Han er difor berre med under delar av treningsleiren, men er tilbake på vulkanøya til treningskampen mot Brann.

Som spelar er Kristinn ein offensiv, moderne venstrebak med god fot og lett i steget.

- Me gler oss til å bli betre kjent med Kristinn, han verkar som ein kjempeflott gut, som vil passa godt inn i gruppa vår, avsluttar Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: