Nytt talent på plass

Tomas Olai Totland kjem frå Fana

Sogndal Fotball og Fana Fotball er einige om ein overgang for den talentfulle Tomas Olai Totland (f. 28. september 1998). Tomas vert Sogndal-spelar ut 2019-sesongen.

- Tomas har vore med Sogndal Fotball ei god stund allereie, seier sportsleg leiar, Håvard Flo, og fortel vidare at Fana-guten har hospitert med Bakke sine menn sidan i fjor haust.

I vinterens to treningskampar har publikumet i Sognahallen fått sjå ein lyslugg med fart og initiativ.

- Tomas er eit av dei mest spennande talenta eg har sett utifrå hans unge alder og han har hatt ein framifrå utvikling den siste tida i Fana, held Håvard fram.

- Tomas har dei rette verdiane, noko som vi ser att i personen og i treningsarbeidet. Eg vil karakterisere Tomas som ein klok og offensiv fotballspelar, med fortsatt store utviklingsmoglegheiter, seier Håvard.

Fana Fotball for også sin del av velfortent skryt frå Flo.

- Eg vil nok ein gong framheve Fana sitt gode arbeid. Dei har utvikla mange gode spelarar, og me i Sogndal set veldig pris på det gode samarbeidet som er klubbane i mellom.

Les kva Fana skriv om overgangen.

Frå før har Stian Dyngeland, Mathias Dyngeland og Lars Christian Kjemhus gått frå Fana til Sogndal.

- Det skal bli artig og spennande å følge Tomas vidare hjå oss, avsluttar ein glad Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: