Ei avslutning for historiebøkene!

Nyttårshelsing frå styret i Sogndal Fotball

Tida er inne for å takke alle for sesongen 2018. Næringslivet stiller opp. Supportarane stiller opp. Alle frivillige stiller opp. Utan dykk kunne me ikkje sett Sogndal på kartet gjennom fotballen slik me har gjort sidan 70-talet. Ei stor takk til alle som bidreg i og rundt klubben.

Og for ein avslutning me fekk på sesongen med bragdene til Sogndal G19! Først cupfinalesiger 3-1 mot sjølvaste Rosenborg med mange hundre sogningar på tribuna på Telenor Arena. Ei flott ramme, og ei bragd i seg sjølv som gir plass i historiebøkene. Så gjekk turen til Gøteborg helga etter, og der toppa laget prestasjonen med å bli Skandinaviske meistrar. Det er første gang eit norsk lag har klart det! Minner for livet, og ei stor motivasjon for den vidare satsinga med å utvikle unge spelarar.

Sesongen for A-laget svinga litt gjennom året, og ein svak start på hausten gjorde til at direkte opprykk glapp. I kvalifiseringa vart det spennande kampar mot både Ull-Kisa og Aalesund, men etter tap i Aalesund skor me oss for ein ny, spennande sesong i Obosligaen i 2019.

Inn mot 2018 spissa me våre mål og strategiar. For første gang på mange år talfesta me ei langsiktig målsetting om å vere topp 12 i Norge. Talfestinga skapar engasjement, og det er bra! Ein av våre kjerneverdiar er å vere ambisiøse, utan ambisiøse mål lukkast me ikkje. Me sette i verk konkrete tiltak for å komme tilbake i det gode selskap, og skal jobbe vidare inn mot neste sesong med desse langsiktige strategiane i fokus:

·       Vi skal vere blant dei 12 beste laga i Noreg

·       Vi skal vere leiande på individuell spelarutvikling

Det er tøffe målsettingar. Me har god kompetanse og kontinuitet i klubben, men ser også eit behov for å få inn nye krefter som kan utfordre oss og sjå ting med nye auge. For å henge med i toppen må me heile tida effektivisere og betre drifta, og få mest mogleg ut av dei ressursane me har.

Terje Rognsø er tilsett som ny dagleg leiar i klubben, og med allsidig bakgrunn både frå fotballen og næringslivet ser me fram til å få Terje på laget i 2019.

Serieopninga 2019 er heime mot Sandnes-Ulf 1. april. Håpar å sjå deg der. Tusen takk for i år!

Nyttårshelsing

Styret i Sogndal Fotball
Tor Arne Ness
Styreleiar

Annonse fra Obos-ligaen: