Omenås klar for AaFK

Tarjei Omenås hentast heim til Ålesund

Sogndal Fotball og Aalesund FK er i dag samde om ein overgang på keeper Tarjei Omenås. Tarjei har i dag signert ein toårskontrakt med oppryksrival AaFk, og skal ta opp kampen med Andreas Lie.

Omenås signerte med Sogndal før 2017 sesongen. Det vart totalt to cupkamper for sisteskansen som har vore i tøff konkurranse med Mathias Dyngeland om speletid.

Ynskjer meir speletid
- Når moglegheita no kom, så nølte eg ikkje. Det vart lite speletid i fjor, og no var timingen riktig for å reise heim til Ålesund, fortel Tarjei Omenås.

- Eg har utvikla meg og tatt store steg som keeper i tida eg har vore i Sogndal. Samarbeidet i keeper-teamet har vore heilt strålande, fortel Omenås.

Flott miljø i Sogndal
- Sogndal har fått ein spesiell plass i hjartet mitt. Eg har treivst utruleg godt, og opplevd eit flott engasjement frå folka i saftbygda.

- Det er eit utruleg fint miljø i Sogndal. Her tek folk vare på kvarandre på ein veldig fin måte, og det har vore hyggeleg å vore ein del av dette samhaldet, fortel Omenås.

Tarjei Omenås RaufossB 2017 Foto - Rune Sjøberg
Tarjei Omenås i aksjon borte mot Raufoss. Foto: Rune Sjøberg

- Tarjei har vore ein miljøskapar i garderoben, og styrka vårt keeper-team. Tarjei sto særleg fram etter nedrykket mot Ranheim. Han er ein bra mann, og me ynskjer han lukke til vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Omenås starta karrieren i Sportsklubben Herd. I 2009 gjekk vegen vidare til Lyn. Sisteskansen har og vært i Skeid, Hønefoss og Strømmen. 

Omenås kan vise til totalt 37 kamper i OBOS-ligaen for Hønefoss og Strømmen i 2015 og 2016.

No returnerar han altså til sin heimby, Ålesund.

Sogndal Fotball ynskjer Tarjei masse lukke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: