Oppstart for Sogndal 2

Har ein spennande sesong i vente

Sogndal 2 møttest i går for første gong etter juleferien.

Avtroppande trenar Rune Bolseth gjennomførte den aller første treninga i 2018, samstundes som han takka av som hovudtrenar. Frå før er det kjent at Jon Arild Halland har gitt seg, også Vegard Hovland takkar av frå jobben som assistenttrenar. Inn kjem no nye kostar, medan Rune går over som toppspelarutviklar og assistenttrenar på A-laget.

Slik blir det nye trenarteamet på Sogndal 2:

Håvard Hatle – Hovudtrenar
Sondre Skrede – Assistenttrenar
Aleksander Fredriksen – Trenar/Analyse
Arne Hånes – Fysisk trenar
Kåre Rutlin – Keepertrenar

Rune Bolseth vil ha ein del med spelarane å gjera i si rolle som toppspelarutviklar, og vil vera med på nokre treningar. Han blir óg eit bindeledd mellom Sogndal 2 og A-laget.

Joar Solberg og Peter Sundberg er med som lagleiarar.

Elles er det bra med trenarkrefter i utviklingsavdelinga, som vil nyttast inn mot Sogndal 2.

- Me har sydd i hop eit bra team rundt Sogndal 2, seier ein nøgd sportsleg leiar Håvard Flo.

Håvard Hatle er ny hovudtrenar for Sogndal 2
Håvard Hatle er ny hovudtrenar for Sogndal 2

- Det er mykje fotballkompetanse i gjengen, og som eit team skal me utvikla dette vidare i lag. Sogndal 2 er det nest viktigaste laget i klubben, og me legg ned ein del ressursar i at dei skal ta nye steg i løpet av året, held Flo fram.

Håvard Hatle har tidlegare vore inne som trenar for Sogndal 3 før han gjekk til Fjøra FK. Der var han i to og ein halv sesong. Fjøra rykka opp til 3. divisjon under Hatle, og året etter holdt dei seg i divisjonen, før det i fjor gjekk litt tyngre.

- Håvard har gjort seg gode erfaringar, og i lag med eit godt trenarteam, ser me fram til eit spennande år med unge og svoltne spelarar på Sogndal 2, seier Håvard Flo.

Sogndal 2 ligg under utviklingsavdelinga, og der er utviklingssjef Anders Stadheim tydeleg.

- Hovudmålet med Sogndal 2 er at me skal utvikla spelarar til A-laget. Me har ein del som har gått vegen innom Sogndal 2 før dei har kome inn på A-laget, fortel Stadheim, og ramsar opp nokre dømer i Ulrik Fredriksen, Johan Hove, Simen Brekkhus og Fredrik Flo.

- Helst skulle me klart å få heile gjengen inn på A-laget, men det er først eit trongt nålauge inn i Sogndal 2, og endå trongare er det inn mot A-laget. Det blir spennande å sjå kven som tar steget neste gong, seier Anders, og legg til å målet for laget er å holda plassen i divisjonen.

- Det skal vera kjekt og me skal ha det moro, og målet er at dette skal bli gode fotballspelarar, seier Håvard Hatle.

IMG_1115
Rune Bolseth gjennomførte økta, Håvard Hatle observerte.

Første treninga vart gjennomført med ein ivrig gjeng.

- Eg likte det eg såg. Gutane hadde mykje energi og dei trøkka bra til, seier Hatle, som observerte økta frå sidelinja. Det var avtroppande trenar Bolli som hadde ansvaret ute på bana.

A-lagstrenar Eirik Bakke er veldig oppteken av at Sogndal 2 skal lukkast, og vil ha døra open for at spelarane skal få hospitera med A-laget. Med dei treningsfasilitetane me har her i Sogndal, skal tilhøva vera godt lagt til rette for ein god utvikling av desse unge gutane.

Bolli meiner at det vil vera ein motiverande faktor at det er opning for at Sogndal 2 spelarar kan få hospitere med A-laget.

- Moglegheiten for å få trena med A-laget vil koma dersom ein viser gode prestasjonar på trening og endå viktigare er gode prestasjoner i kamp. Det handlar det om å visa seg fram når ein får sjansen, slik som Ulrik Fredriksen gjorde i fjor, seier Rune Bolseth.

IMG_1136
Kåre Rutlin er keepertrenar også i år.

Slik ser ein typisk treningsveke ut for gjengen no i oppkøyringa:

Måndag: Fotballøkt
Tysdag: Fysisk økt
Onsdag: Fotballøkt
Torsdag: Styrketrening
Fredag: Fotballøkt
Laurdag: Kamp
Sundag: Fri

Det blir travelt framover, og slik ser kampprogrammet ut dei neste vekene:
17/1 – Årdal jr – Sogndal jr (Vinterserien) (Ny dato, utsatt pga uvéret)
21/1 – Sogndal jr – Førde 1 jr (Vinterserien)
26/1 – Sogndal 2 – Fjøra (Treningskamp)
31/1 – Høyang jr – Sogndal jr (Vinterserien)
3/2 – Sogndal jr – Florø jr (Treningskamp)
10/2 – Sogndal jr – Førde 2 jr (Vinterserien)
16/2 – Sogndal jr – Brann jr (treningskamp)

Me kjem med vidare kampprogram seinare. Vinnaren av vinterserien er kvalifisert til NM for G19.

Me ser fram til ein flott sesong med Sogndal 2!

IMG_1124
Spennande sesong i vente for Mathias Sundberg og kompani
Annonse fra Obos-ligaen: