Permanent overgang for Stanisa

Stanisa Mandic blir Sogndal-spelar ut sesongen 2021

Sogndal Fotball og den serbiske klubben FK Čukarički er samde om ein permanent overgang for Staniša Mandić (f. 27/1 1995). Stanisa har sidan august 2017 vore i Sogndal på lån.

Sogndal Fotball og Staniša Mandić er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021. Publikumet på Fosshaugane Campus kan altso sjå fram til tre og eit halvt år til med driblefanten frå Herceg Novi i Montenegro.

Les også: Ny kantspelar inn

- Me er veldig nøgd med den progresjonen me ser hjå Staniša, og har stor tru på at han skal fortsetje med den gode utviklinga og prestera på eit jamnt høgt nivå framover, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Staniša debuterte i kvitedrakta på Brann Stadion i fjor som innbytar. I debutkampen frå start møtte han Molde på Fosshaugane Campus, og den raske kantspelaren brukte berre 12 minutt på å presentera seg for sitt nye heimepublikum med flott skåring. 

So langt har han spelt 25 kampar og skåra fem mål for A-laget. Staniša har også vore i aksjon for Sogndal 2, der han står notert med sju skåringar på seks kampar.

- I år har Staniša spelt mykje og vore ei viktig brikke for oss. I fjor henta me han som ein backup til den dagen då Gilbert Koomson var klar for nye oppgåver, seier Flo. Som mange veit har Gilbert i år vore ein sentral del i den suksessen Brann har hatt so langt i sesongen.

- I perioden med lite speletid var Staniša tolmodig, då han fekk sjansen, tok han vel vare på den, avsluttar Flo, som no ser fram til mange flotte stunder i lag med den sympatiske kantspelaren vår.

Annonse fra Obos-ligaen: