Poengdeling mot Odd

0-0 på Fosshaugane Campus - Johan Hove debuterte frå start

Det vart 0-0 og poendeling i kveldens oppgjer mot Odd.


Johan Hove fekk sin debut frå start i Eliteserien. Johan har gått gradene i Sogndal, og den unge sogndølen klarte seg veldig bra. Han spelte heile kampen og fekk eit ufortent gult kort. Meir enn godkjent debut på Johan! Me kjem til å få sjå mykje til den karen i åra framover.




Keeper Mathias Dyngeland fekk ein kamp med clean sheet. På andre siden av bana stod hans ven gjennom fleire år på aldersbestemte landslag Sondre Rossbach, og kanskje me såg framtidas keeperduo på landslaget på Fosshaugane i kveld.


Espen Næss Lund måtte ned for teljing mot slutten av kampen. Nesa hans er skeiv, men like heil. Den vordande førstegangspappaen klarte sakene sine veldig bra mot Ocean og kompani.


Trenar Eirik Bakke og assistenttrenar Terje Skjeldestad hasta avgarde rett etter kampslutt for å slutta seg til gruppa som tek Pro-lisensen i lag. Dei skal til Polen denne veka. Marius Lenni Bøe steppa inn i pressesona etter kampen og han var godt nøgd med poenget mot Odd.


Les meir om kampen i Sogn Avis 
Les meir om kampen i Firda 
Statistikk VG live

Neste kamp er mot Rosenborg på Lerkendal. Billettar til den kampen kan kjøpast her.

Annonse fra Obos-ligaen: