Håvard Flo og Markus Dahlen Brændsrød

Rask spiss signert!

Markus Dahlen Brændsrød blir Sogndalsspelar dei neste tre åra.

Sogndal Fotball og Strømmen IF er samde om ein overgang for Markus Dahlen Brændsrød (f. 6/9 1995). Han er speleklar for Sogndal frå og med 1/8.

- Me er veldig glade for at Markus valde oss, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

- Markus er ein spelar me har hatt eit auge på over lengre tid, då trenar i Strømmen Espen Olsen kom med klare anbefalingar om at dette er ein spelar som vil passa godt inn i vårt spelekonsept.

Markus Dahlen Brændsrød
Markus Dahlen Brændsrød

Markus er frå Tønsberg, og han spelte for Slagen IF og Flint som gut. Han spelte seniorfotball som 17-åring for  FK Tønsberg. I 2014 debuterte han i Tippeligaen for Vålerenga, og han spelte mot Sogndal i kampen me vann 2-0 dette året. Han spelte 8 offisielle kampar for A-laget til Enga, og gjekk vidare til Lillestrøm, der han fekk 6 kampar for A-laget. I 2016 var han på utlån til Strømmen. Der gjorde han sakene sine så bra at dei signerte han før 2017-sesongen. Totalt har han spelt 47 kampar for Strømmen.

Espen Olsen er full av lovord om spissen.

- Markus er lynkjapp! Han er flink til å gå i bakrom, og har vore veldig god i OBOS-ligaen i år.

Også utanfor bana vil me få glede av nysigneringa.

- Markus er ein fantastisk fin gut som gjev mykje av seg sjølv. Han er ein humørspreiar i gruppa, seier Espen, som innrømmer at det både er kjekt og trist å sleppe spelaren.

- Dette er bra tidspunkt for Markus å gå vidare, og eg er glad for at me fekk ha han hjå oss denne tida. Han kom som kantspelar, men me såg at han kunne brukast som spiss. No kjem han til ein klubb der han vil passe bra inn slik at han kan utvikle seg vidare. Han kjem til å bli ein bra mann for Sogndal, avsluttar den gamle toppskåraren vår.

- Dette blir bra, seier trenar Eirik Bakke, som presenterte spelaren for resten av gruppa før økta no i formiddag. 

- Eg ser Markus som ein spelar med mykje energi, han er hurtig og kan dekka store rom, seier Bakke.

IMG_0156
Eirik Bakke og Markus Dahlen Brændsrød

- Markus er ein type som vil gå godt inn i gruppa her, og hans eigenskapar på bana vil komplementere dei andre spissane våre, avsluttar Håvard Flo, som vil nytta høvet til å takka Strømmen IF og Espen Olsen for det gode samarbeidet.

Me ynskjer Markus hjarteleg velkomen til Sogndal!


Annonse fra Obos-ligaen: