Reisebrev frå Gran Canaria

Johan Hove fortel om treningsleiren på Gran Canaria

No begynner treningsleiren å gå mot slutten, men det har vore ein innhaldsrik tur.

Harde treningar, tøffe kortbataljar, timer på solsenga og ikkje minst «powernaps» har okkupert mesteparten av tida her i Puerto Rico.

Treningane hard vore krevjande, slik pre-season skal vere. Hovudfokuset her har vore å gi alt, og legge ned mange meter kvar økt samtidig som at me har øvingar inn mot spelkonseptet. Trass nokon skadar, har karane stått bra i treningane ,og ser både motivert og svoltne ut.

Treningsfasilitetane er bra, sjølv om at grasmatta kan by på litt utfordringar enkelte plassar. Me har og ein park i nærleiken av hotellet som me har brukt som «treningsstudio». Her har me hatt fleire økter med sirkeltrening med Ripe x2.

Parken Gran Canaria
Fysisktreningsøkt i sentrumsparken i Puerto Rico

Som tidlegare nemnd har det vorte mykje kortspeling her nede. Og det er kun eit kortspel det går i: Bondebridge.

Der finn me den faste gjengen med: Hovland, Rindarøy, Brændsrød, Soltvedt, U.Flo og underteiknande (Hove). Men under opphaldet har det kome nye svoltne kortspelarar som: Kjemhus, Steiring, Sveen, Fredriksen og nykommar Sigurd Haugen.  Resten av gjengen har funne andre ting å putla me mellom slaga.

På onsdag spelte me kamp mot Las Palmas B og vant 2-1. Det var ei god gjennomkøyring mot eit ballsikkert Las Palmas. Scoringane stod Brændsrød og Fredriksen for.

Seinare på kvelden hadde me ein «sosial kveld» på ein restaurant attmed hotellet. Der hadde me ein god middag og dei årlege sangframvisningane frå nykommarane.

Tradisjon tru skal alle nye i gruppa fremføre ein sjølvvalt sang, og her var det absolutt mykje ymse. Blant anna «Tore Tang» frå kaptein Hovland og noko afrikansk folkedans/folkesong frå dei to afrikanarane på laget. Noko for ein kver smak kan ein vell seie.

Utsikten frå Marina Suites der laget bur
Utsikten frå Marina Suites der laget bur

Været her nede har og variert mykje, men heldigvis har ikkje snøværet komme på besøk.

Nokre dagar har vore kjempeflotte med skyfri himmel og strålande sol, men for det meste har det vore mykje overskya. Men det har i grunn vore bra for treningane at sola ikkje steiker so altfor mykje. Men alt i alt kan me ikkje klaga på været her i Gran Canaria.

No skal gjengen ta ut siste rest dei siste dagane, før me vender snuten nordover igjen.

Hove out.

Annonse fra Obos-ligaen: