UMBRO er med på laget!

Sogndal Fotball inngår historisk avtale med utstyrsleverandøren Umbro.

Scantrade AS/Umbro og Sogndal Fotball har 25.09.2018 signert ein femårig utstyrsavtale med Umbro. Avtala inneberer at Umbro skal levere alt av fotball- og supporterutstyr til klubben dei neste fem åra. Forlenginga av avtala gjer at Umbro og Sogndal Fotball har samarbeidd i 25 år.

- Denne avtala er historisk! Me er stolte over å kunne levere den beste totalpakken til klubben, og vidareføre det gode samarbeidet me har hatt i 25 år med klubben og lokal sportsbutikk, Intersport Sogndal.

Annonse:
25 år som utstyrsleverandør til same klubb er ganske unikt i dagens marknad, der konkurransen blant utstyrsleverandørane er knallhard. Me er utroleg imponert over det dei har fått til i Sogndal, seier Geir Nordahl som er leiar for Elite og salsavdelinga i Umbro Norge.

I Sogndal sit også lovorda laust om den historiske avtala med Umbro.

- Me er svært stolt over vårt lange og trufaste samarbeid med Umbro. Det er viktig for Sogndal Fotball å ha gode samarbeidspartnarar i ryggen, og her er absolutt Umbro med. Me er godt nøgd med produkta Umbro leverer, både til vår breiddeavdeling og ikkje minst A-laget. Me gleder oss til åra som kjem, seier Hilde Østbø dagleg leiar for Sogndal Fotball.

Den nye avtala gjeld frå 01.12.2018 til 31.12.2023 

---------------------------------------------------------------------------

For meir informasjon kan følgjande personar kontaktast 

Geir Nordahl
Leder for Elite og salgsavdeling
Scantrade/Umbro
Mobil: +47 41917505                                                                   

Hilde Østbø
Konstituert Dagleg leiar
Sogndal Fotball
Mobil: +47 900 66 554

Annonse fra Obos-ligaen: