Sikra plassen

Sogndal 2 er sikra spel i neste års 3. divisjon etter 1-0 mot Tertnes

Sogndal 2 vann dagens oppgjer på Fosshaugane Campus mot Tertnes med 1-0. Sigersmålet kom etter kvarteret i første omgang på eit sjølvmål, framtvungen av Didi Fofana.

Les om kampen i Sogn Avis

redIMG_0011
Kaptein Kristian Rutlin har levert ein god sesong på Sogndal 2 (Foto: Elin Hæreid)

- Eg er veldig imponert over måten eit så ungt lag gjennomførte kampen på. Det stod om divisjonsstatusen vår, og dei gjorde ein veldig vaksen prestasjon, der dei var lojale til måten me la opp til spela på, seier trenar Håvard Hatle til avisa.

redIMG_0103
Henrik Furebotn var sjef på midtbana (Foto: Elin Hæreid)

Firdaliven ligg statistikk og tabell for divisjonen.

Heile laget gjorde ein god kamp i dag, og stod opp for kvarandre. Bakerst leverte Kristian Rutlin ein god kamp, og hans tigersprang rett før slutt var det høg klasse over. Elles leverte Henrik Furebotn ein solid kamp, og unge Mathias Sundberg var god på topp.

redIMG_0280
Mathias Sundberg jaga og jobba godt på topp, og ungguten spelte ein god kamp (Foto: Elin Hæreid)

Kent Fimreite i Hallo Sogn var på plass, og kampen kan sjåast i opptak her.

Annonse fra Obos-ligaen: