Simen Brekkhus

Simen og Fredrik på utlån

Blir i Åsane og Bryne ut sesongen

Sogndal Fotball og Åsane er samde om ein utlånsavtale for midtbanespelar Simen Brekkhus.

Simen er speleklar for bergensarane når overgangsvindauget opnar att. Åsane ligg i dag på ein 13. plass i OBOS-ligaen, og første opptreden på Myrdal Gress for Simen kan vera sundag 23. juli. Då møter Åsane Levanger.

Trenar Mons Ivar Mjelde har tidlegare uttrykt si begeistring for 20-åringen, og får no sjå han i aksjon ut sesongen. 

- Eg treng speletid for å utvikle meg vidare. Eg er i god treningsform, men eg treng óg å vera i god kampform, seier Simen, som gler seg til turen til Bergen.

IMG_1663

Sogndal Fotball og Bryne FK er samde om ein utlånsavtale for angrepsspelar Fredrik Flo.

Første gong Fredrik vil vera aktuell for raudtrøyene er mot Fana, som Fredrik kjenner litt frå før. Den kampen går heime på Bryne Stadion 6. august. Bryne ligg for tida på 2. plass i PostNord-ligaen avd. 2, og har ein gamal kjenning som trenar.

- Fredrik er ein sterk spelar som er veldig seriøs, god i duellane, og som har ein god venstrefot. Han har bøtta inn med mål for Sogndal 2 i 4.divisjon, så han har eit uløst potensiale, seier Ole Hjelmhaug til klubben si heimeside.

Fredrik gler seg til turen til Jæren, han kjenner Ole frå før og ser fram til å bidra for den tradisjonsrike klubben.

Les også i Sogn Avis

Sportsleg leiar Håvard Flo er nøgd med at Simen og Fredrik no får prøve seg i Åsane og Bryne.

- Begge gutane er spelarar me vil gi litt tid, og dei treng speletid for å utvikle seg vidare. Det kan dei få i Åsane og i Bryne. Dette er unge og seriøse gutar som reiser for å bidra for sine nye klubbar, og me håpar dei kjem att som betre spelarar, avsluttar Flo.

Me ynskjer Simen og Fredrik lukke til! 

Annonse fra Obos-ligaen: