Sixten har signert kontrakt!

Haugesundaren er teken opp i A-stallen

Sixten Dalen Jensen (f. 23/6- 1996) og Sogndal Fotball har signert ein avtale som gjer Sixten til Sogndal-spelar ut sesongen 2019.


Sixten kjem frå Haugesund, og spelte for moderklubben Vard fram til han flytta til Sogndal i fjor sommar. Han spelte 55 A-kampar for Vard før overgangen. I fjor haust spelte han for Fjøra i 3. divisjon, og det vart 10 kampar og 4 mål i den raude drakta.

Trenar Eirik Bakke hadde dette å seie om talentet frå Haugesund.


- Me er veldig glade for å ha fått ein ny spelar gjennom systemet vårt, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Sixten kom på eit treningsopphald her i fjor, og han flytta til bygda på somaren. Me fann ut at Fjøra var best for hans utvikling da, med spel i tredje divisjon. Der gjorde han sakene sine veldig bra.

Sixten skriv under papira som gjer han til Sogndal-spelar (Foto: Rune Sjøberg)
Sixten skriv under papira som gjer han til Sogndal-spelar (Foto: Rune Sjøberg)

So bra gjorde han det at han frå nyttår har vore inne i treningsgruppa til A-laget gjennom heile oppkøyringa i vinter.

- Sixten har stått på, og han har fått mykje speletid i treningskampane. Der har me likt det me har sett, og han fortener å bli eit fullverdig medlem av A-laget, held Flo fram.

- Eg hadde nok Petter Strand og hans veg til A-kontrakt i tankane då eg flytta i fjor, seier Sixten.

Som Petter flytta han til Saftbygda for å gå på skule, og han går på Idrett ved Høgskulen. 

- Sixten har vist seg som ein energisk, hurtig og løpssterk spelar, ein spelartype som passar godt inn i vår filosofi. At han i tillegg er ein flott gut med bra haldningar og er audmjuk i høve til oppgåene, gjer at me har god tru på at Sixten vil gjera det bra hjå oss, seier Flo.

Sixten kjem frå ein fotballfamilie, der faren Kjell Sture Jensen har betydd mykje for utviklinga til sonen. Vår gamle trenar Emberland har óg hatt mykje å gjera med ungguten.

Me ynskjer Sixten hjarteleg velkomen til oss, og ser fram til mange fine stunder i lag.

Annonse fra Obos-ligaen: