Skal tråkka til!

Vegards krefttråkk er klare for ny tur Jotunheimen Rundt

Klokka 18.00 i dag står Vegard Skjeldestad og gutane i Vegards Krefttråkk klare på startstreken i Lærdal. Dei er klare for ny tur Jotunheimen Rundt, og formålet med turen er å samla inn pengar til ei aktivitetshelg for kreftsjuke born.

Les meir om Jotunheimen Rundt her

- I år er me ni stykk som skal sykla, fortel Vegard.

Vegard har jobba på driftsavdelinga i Sogndal Fotball i ei årrekkje, og klubben er godt representerte også i år under sykkelrittet.

- Det er Rasmus Mo, bror min Terje og far min Bjørn, Nore Hjellhaug og eg frå Sogndal Fotball, og så har me med oss fire kompisar.

Vegards Krefttråkk på Facebook

I fjor sykla dei den tøffe ruta på rundt 21 timar. 430 km og 4.609 høgdemeter vil dei ha bak seg når dei kjem i mål i Sogndal i morgon, men dei er ikkje opptekne av å setja ny rekord.

- Det viktigaste er at me har ein fin tur,  og aller mest at me får samla inn pengar til dei kreftsjuke borna. Under sjølve rittet er målet at me får pappa og Rasmus med heile vegen rundt, ja og meg sjølv då, smiler Vegard.

Les meir om historien bak Vegards Krefttråkk på Sogn Avis

Nore og Rasmus
Rasmus Mo og Nore Hjellhaug er klare for å tråkka til!

Rasmus Mo er óg klar for tur, og den spreke omdømeleiaren vår håpar at mange vil vera med og bidra slik at nye familiar får eit avbrekk frå kreftsjukdomen. 

- Før me har starta rittet har me fått inn 22 000, det er heilt fantastisk, seier Rasmus entusiastisk.

- Om du har lyst å bidra til å arrangera ei aktivitetshelg for born med kreft og deira familiar kan du Vippse til 97710943. Alle bidrag monnar og vert tekne i mot med stor takk!

Me ynskjer Vegards Krefttråkk god tur!

Annonse fra Obos-ligaen: