Slitesiger mot Mjøndalen

Akor skåra to på tampen då me vann 2-1

Det vart 2-1 mot Mjøndalen i kamp 2 av Skandinavisk Meisterskap for G19 i dag.

Dette vart ein skikkeleg slitekamp. Karane våre virka ikkje heilt vakne so tidleg på morgonen, og me var ikkje heilt "der" i dag. Bruntrøyene gjekk til puase med ein noko ufortent leiing.

Me hadde fleire store sjansar til skåring, med ballar som smalt i metallet bak Mjøndalen sin gode keeper, men ballen ville ikkje i nota før Akor Adams heilt mot slutten av kampen skåra to mål.

Med dette resultatet reiser me heim frå Gøteborg med 4 poeng i bagasjen, noko som må seiast å vera godkjent!

I dag starta me med dette laget:

Kristian Rutlin - Elias Mittet, Adrian Solberg, Fabian Rimestad, Eirik Lereng - Torje Naustdal, Sivert Mannsverk, Eirik Stokkenes - Johan Svedal Flo, Akor J. Adams, Mathias Sundberg

Benken: Fartein Bøyum, Kristian Knutsen Berg, Anders J. Nord, Tobias Klepp, Eivind Helgesen, Nikolai Aas, Mikkel Erlandsen.

No ventar 60 mil i bussen. Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: