Målrik treningskamp

Sognahallen: treningskampen mot Sotra enda 5-1

Etter ein litt krongletet start, vart spelet betre og betre utover i 1. omgang. Sogndal kom til fleire gode sjansar og til pause stod det 2-0 etter scoringar av Haugen og Adams. Kampen enda til slutt 5-1.

Les Sogn Avis sitt kampreferat her.

Nøgd kaptein
- Me har fokuse på det me skal gjera, å vinne fotballkampar. Me kjem til gode sjansar, så må me øve på å ta betre vare på dei moglegheitene me får, fortel Mathias Dyngeland.

- Det viktigaste er at me held fram å utvikle oss både som lag og individuelle spelarar, og då er det bra med mange gode treningskampar. Me skal bli betre og betre framover. 

Treningsleir på La manga
- Me er kome godt i gong med oppkøyringa, og no det blir bra med nokre dagar med trening på naturgras på La Manga. På treningsleir er det hardt arbeid og fullt fokus gjennom heile opphaldet.

Bygge eit sterkt lag
- Me har veldig gode fasilitetar her på Fosshaugane og, men på treningsleirer har ein moglegheit til å bygge betre relasjonar og tillit, seier Dyngeland.

Møter to gode lag på La Manga.
Under treningsopphaldet møter me russiske CSKA Moskva og Odd – slik blir oppkøyringa.

 

Treningskamp: Sogndal - Sotra
Resultat 5-1.


Mål:

1-0 - Sigurd Haugen

2-0 - Jerome Akor Adams

2-1 - Kristoffer Stava

3-1 - Sixten Jensen

4-1 - Alioune Ndour

5-1 - Alioune Ndour

Annonse fra Obos-ligaen: