Sogndal Fotball beklagar

Minuttar før kampstart i går opplevde me ein teknisk feil på vatningsanlegget. Dette resulterte i at flerie på Fylkestribuna fekk ein svært våt og kald start på kampen.

Sogndal Fotball beklagar på det sterkaste til dei som vart berørt av feilen.

Var du blant dei uheldige ber me dykk sende mail til [email protected] så vil me gjerne gi dykk ein ny kampbillett.

Annonse fra Obos-ligaen: