Spelarar på utlån

Her skal dei spela i vårsesongen

Seks av spelarane våre skal på utlån framover.

Frå før har me Peter Aase på utlån ut sesongen i nyopprykka Florø i OBOS-ligaen. Han blir divisjonskollega med Kristian Fardal Opseth, som allereie er husvarm hjå opprykkskandidat Bodø/Glimt. Kristian skal etter planen returnera til Sogn 17. august.

Me skal ha to spelarar til i OBOS-ligaen.

Kristoffer Ryland er klar etter skaden sin, og har allereie trena ei god stund med gamle lagkameratar i Florø. Der skal han vera fram til 22. juli.

Vår danske dreng Magnus Pedersen har pakka sekken og reist austover. I dei djupe skogar på Hedmarken skal han hjelpa nyopprykka Elverum i landets nest øvste divisjon. Magnus skal vera der fram til 22. juli.

I vår skal vår ferskaste landslagsspelar Tomas Totland gjera ferdig skuleåret i Bergen, og spela for moderklubben Fana i PostNord-ligaen avd 2. Også han kjem til Sogndal 22. juli.

Edin Øy tek óg turen til Bergen og Fana. Han går på ein utlånsavtale som varar fram til 22. juli. Edin har vore i Bergen denne veka. Det jobbast godt i klubben, og det er fleire unge, svoltne spelarar der slik at gutane våre får ein god treningskvardag.

Sportsleg leiar Håvard Flo har hatt travle dager på kontoret dei siste dagane. 

- Me har lånt ut desse unge spelarane til gode samarbeidklubbar der me saman kan sikre dei ein god trenings- og kampkvardag på eit tilpassa godt nivå, seier Flo.

- Me set spelarane i fokus i forhold til gode utviklingsmoglegheiter, slik at dei kan verte betre rusta for oppgåvene for Sogndal og Eliteserie-spel i framtida, held sportssjefen fram.

Me har hatt eit godt samarbeid med desse klubbane over tid, Flo nyttar høvet til å senda takk og ros:

- Me vil og takka låneklubbane for godt samarbeid med dei forskjellige utlåna, og håpar at spelarane våre vil bli gode representantar hjå kvar enkelt klubb, avsluttar Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: