Spennande helg for Finalegutta!

Deltek i Skandinavisk Meisterskap denne helga

Då G19 laget vårt vann semifinalen mot Viking for ei veke sidan, sikra dei ikkje berre billett til Cupfinalen i Telenor Arena 1. desember, dei kvalifiserte seg samstundes til Skandinavisk Meisterskap i Göteborg.

Det er tre norske, to svenske og tre danske lag med.

Me er i Gruppe 1, som består av Sogndal, Mjøndalen, FC Midtjylland og BK Häcken.

I gruppe 2 er AGF Århus, Brøndby, Hammarby og Rosenborg BK.

Akor Adams vs Viking
Akor Adams er med til Sverige

Fredag 16/11 går dei første kampane i dette meisterskapet i Prioritet Serneke Arena i Gøteborg, og me har dette kampprogrammet:

14.00 -  BK Häcken - Mjøndalen
16.00 - Hammarby IF - Brøndby
18.00 - AGF Århus - Rosenborg
20:00 - Sogndal - FC Midtjylland

På sundag går desse kampane:

09.30 - Sogndal - Mjøndalen
11.00 - Brøndby - Rosenborg
13.00 - FC Midtjylland - BK Häcken
15.00 - Hammarby - AGF Århus

Resten av kampane med sluttspel og finalar går helga 7.-9. desember.

Me vil denne helga få fine referansar og sjå korleis det vert jobba i Sverige og Danmark, og karane får verdifull matching fram mot cupfinalen.

Kristian Rutlin vs Viking
Kristian Rutlin gler seg til kampane i Gøteborg

Tre som ikkje er med til Sverige, er for tida i Spania.

Jonas Fredriksen feira 18-årsdagen sin i går med å spela 0-0 mot Spania med G18-landslaget. 

Tomas Totland og Ulrik Fredriksen er med det nye U21-landslaget på La Manga, dei skal spela mot Tyrkia på tysdag.

Før avreise tok Ulrik på seg jobben som stuntreporter, og dette er resultatet.


Annonse fra Obos-ligaen: