Spennande sesongavslutning

Her er litt info om helga og kvalifiseringsspelet

OBS! Saken er oppdatert med nye tidspunkt for kvalikspelet!

På sundag får me svaret: Kven rykkjer opp og kven må ut i kvalifiseringsspel. Det er allereie klart at Levanger og Florø må ta den tunge vegen ned i 2. divisjon.

Slik går helgas kampar, alle med avspark klokka 13.00:

Florø - Mjøndalen
HamKam - Ull/Kisa
Jerv - Tromsdalen
Levanger - Sandnes Ulf
Nest-Sotra - Åsane
Sogndal - Notodden
Strømmen - Aalesund
Viking - Kongsvinger

Slik ser tabellen ut før siste serierunde:

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Viking Viking 30 20 1 9 68 44 24 61 V V V V T
2 Mjøndalen Mjøndalen 30 17 9 4 49 24 25 60 V T V U U
3 Aalesund Aalesund 30 18 5 7 58 31 27 59 V V T T V
4 Sogndal Sogndal 30 15 6 9 47 31 16 51 T V V V T
5 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 11 10 9 59 49 10 43 T V T U U
6 Nest-Sotra Nest-Sotra 30 12 7 11 43 41 2 43 V U V U V
7 Tromsdalen Tromsdalen 30 12 7 11 43 47 -4 43 V T T T V
8 Kongsvinger Kongsvinger 30 12 6 12 59 49 10 42 T U V U V
9 HamKam HamKam 30 12 6 12 46 44 2 42 V V T V T
10 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 11 9 10 43 47 -4 42 V T T U V
11 Strømmen Strømmen 30 12 2 16 49 53 -4 38 T V V U V
12 Notodden Notodden 30 10 6 14 36 40 -4 36 V V V U T
13 Jerv Jerv 30 8 11 11 31 41 -10 35 T T T U U
14 Åsane Åsane 30 9 6 15 38 57 -19 33 T T V T T
15 Florø Florø 30 8 3 19 27 59 -32 27 T T T V T
16 Levanger Levanger 30 3 6 21 32 71 -39 15 T T T T U

Som me ser ligg Åsane, Notodden og Jerv utsatt til på den nedre del av tabellen.

Spenninga er til å ta og føle på når det gjeld kven som tek dei to første plassane som gjev direkte opprykk.

Viking har nok ein liten fordel sidan dei har heimebane, medan Mjøndalen og Aalesund må ut i tøffe bortekampar.

Bruntrøyene skal til allereie nedrykksklare Florø, som nok har lyst til å va seg fram i sin siste kamp i OBOS-ligaen i denne omgang.

Tangotrøyene skal til Strømmen, som har vist ein formidabel form i haust, og som spelar sin aller siste kamp med Espen Olsen ved roret.

Vår gamle storskårar skal no ta over jobben som sportssjef i HamKam, og gutane hans vil nok stå på for at han får eit verdig farvel med Strømmen Stadion.

Me kjem på fjerdeplass uansett, men kven som tek dei to siste plassane i kvaliken for opprykk er heilt ope, sjølv om Ull/Kisa og Kongsvinger per no ligg best an.

Etter at kampane er ferdigspelt sundag, får me ein kort landslagspause, før det brakar laust med kvalik.

Sundag 25. november klokka 16.00 går første kamp i kvalifiseringsspelet. Laget som endar på 3 plass har heimekamp mot laget som endar på 6. plass. Og Sogndal har heimekamp mot laget som endar på 5. plass.

Torsdag 28. november klokka 18.00 møtast vinnarane frå den første kampen. Laget med best tabellplassering har heimekamp, dvs at om me vinn vår første kamp, skal me spela borte dersom lag nummer 3 vinn sin kamp, og heime om lag nummer seks stikk av med sigeren.

Onsdag 5. desember kl. 18.00 brakar det laust mellom laget som endar på 14. plass i Eliteserien og laget som kjem frå OBOS-ligaen. Den kampen går på Eliteseriearenaen.

Sundag 9. desember kl. 18.00 skal det heile avgjerast på OBOS-ligalaget sin arena. Vinnaren her skal spela i Eliteserien 2019. 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: