Takk for innsatsen

Lånespelarane har reist

Etter sesongslutt er det tid for å setje saman neste års stall, og det arbeidet er Eirik Bakke, Håvard Flo og resten av teamet godt i gang med.

Det som er sikkert er at Eirik Skaasheim og Taijo Teniste forlet oss. 

Det er óg på det reine at vår gode ven frå Nigeria, Chidiebere Nwakali, ikkje blir med til OBOS-ligaen. Lånet frå Manchester City er avslutta.

Chidi slutta seg til gruppa under opphaldet på Gran Canaria i februar, og i treningskampen mot Brann i Maspalomas fekk me sjå ein teknikar strø rundt seg med pasningar. Det skulle ta litt tid før han fekk vist seg skikkeleg fram, men når han først gjorde det, var han svært god. 

Han fekk 29 kampar i kvitedrakta, og skåra fem flotte mål. Han vart óg teken ut i Nigeria sin A-landslagstropp i tida si her.

Her er fire vakre skåringar signert Chidi.


Kjetil Wæhler kom inn i gruppa i mai då skadesituasjonen på stopparplass var prekær. Den gamle landslagsstopparen rakk å gjera seg veldig populær i Saftbygda, og fotballpensjonisten viste seg som ein kar som berre kan kallast "heil ved".

Kjetil Wæhler BrannB 2017 Foto - Rune Sjøberg
Kjetil tok tapet mot Brann i Bergen tyngst av alle, ein vinnarskalle! (Foto: Rune Sjøberg)

Kjetil stod fram og drog med seg unggutane i midtforsvaret. Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring og Bjørn Inge Utvik lærte mykje av 41-åringen. Han er ein vinnarskalle av den sjeldne sorten. Kjetil spelte 19 kampar og skåra eitt mål.

Saman med Kjetil, kom ein annan fotballpensjonist, vår gamle ven Espen Næss Lund. Espen var her fram til sommaren og reiste heim som nybakt pappa og lærar i Kristiansund. Karen frå Våle i Vestfold spelte 11 kampar og skåra mot Raufoss i cupen. 

Espen Næss Lund OddH 2017 Foto - Rune Sjøberg
Espen rydda unna i kampen mot Odd (Foto: Rune Sjøberg)

I sommar kom Ole Martin Rindarøy på lån frå Molde. Han vart diverre skada i den første kampen, og brukte mykje tid på skadestova i tida her hjå oss. Då han vart skadefri, leverte han gode kampar på venstrebacken, og han skåra tre flotte og viktige mål på dei åtte kampane han fekk med seg i haust.

Me takkar alle fire for flott innsats her hjå oss, og ynskjer dei lukke til vidare!

IMG_0106
Ole Martin jublar etter skåring mot Vålerenga (Foto: Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: