Chidibere Nwalaki vs Spartak Moskva

Tap i Marbella

Gode i 60 minutt, møtte tøff motstand

Spartak Moskva viste kvifor dei leiar den russiske ligaen, og slo Bakke sine menn med 4-1 i Marbella.

- Me er veldig godt nøgde med dei første 60 minutta! Då var me gode mot eit veldig godt internasjonalt lag, seier Marius Bøe like etter kampslutt.

Det starta røft for gutane våre, og etter berre sju minutt skåra laget frå Moskva ved Lorenzo Melgarejo.

Me slo tilbake tjue minutt seinare. Martin Ramsland fekk med seg ballen sentralt, spelte ut til Gilbert Koomson, han sette opp dampen og slo eit perfekt innlegg som Bendik Bye ekspederte mål til 1-1.

20170228_Sogndal - Spartak_04.JPG

- Me møtte eit lag som bestod av veldig gode individualistar. Russarane var raske og gode med ballen. Men me stod godt i mot dei første seksti, då var me veldig bra kollektivt, seier Marius Bøe.

Me er veldig godt nøgde med dei første 60. Då var me meget bra!

— Marius Lenni Bøe
Pauseresultatet stod seg fram til det 61. minuttet, då Spartak gjekk opp til 2-1 ved Quincy Promes. Nokre minutt seinare var bursdagsbarn Bjørn Inge Utvik uheldig og spelte ballen rett i Per Magnus Steiring. Ballen spratt til ein russar som sentra til herr Promes, som enkelt kunne setje inn 3-1.

Travelt for ein god Mathias
Travelt for ein god Mathias

Mot slutten av kampen såg ein meir tydeleg at det er ein viss skilnad på det beste laget i Sogn og Fjordane og det beste laget i heile Russland, og det var farleg nesten kvar gong russarane prøvde seg mot ein god Mathias Dyngeland i mål. Mathias kunne lite gjera med kanona som kom like før slutt. Ze Luis drog seg fri, og klinka ballen i krysset. 4-1.

- Me hadde nok ikkje den beste oppladninga til denne kampen etter ein lang reise i går, og me vart slitne etter ein time. Derifrå og ut gjorde me unødvendige feil, og vart straffa for desse når me møtte eit so godt lag, seier Marius.

Trenarteamet tek med seg den første timen på plusskontoen, og at to unggutar kom inn og fekk prøva seg mot meget kvalifisert motstand.

Ulrik Fredriksen med god innsats mot meget god motstand
Ulrik Fredriksen med god innsats mot meget god motstand

- Det er to juniorar som kjem inn og gjer ein god jobb mot veldig gode motspelarar. Ulrik Fredriksen og Tomas Totland gjorde seg gode erfaringar og fekk gode referansar i dag. Dette er viktig for dei, seier Marius.

No ventar gode treningar dei neste dagane, og so skal me møta eit av dei beste laga i Kviterussland (Shaktor Soligorsk) den 5. mars.

Me stilte med dette laget:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Per-Magnus Steiring, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Chidibere Nwalaki, Eirik Birkelund, Simen Brekkhus – Martin Ramsland, Bendik Bye.

Benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Eirik Schulze, Ulrik Fredriksen, Edin Øy, Magnus Pedersen og Tomas Totland.

Annonse fra Obos-ligaen: