Tap mot Notodden

Bakke skuffa då me tapte 0-1 i sesongavslutninga

Det vart 0-1 og tap mot Notodden i den siste kampen vår i OBOS-ligaen 2018.

Her er TV-bileta frå kampen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Les om kampen i Sogn Avis

Karane leverte ein ok 1. omgang, og det hadde berre gått 40 sekund då me fekk kampens første sjanse. Me hadde fleire sjansar til skåring før kvilen, men den siste prikken over i'en mangla.

Sjå fyldig kampreferat på Firdaliven

Etter kvilen var det på ein måte takk for i dag for våre gutar. Notodden kom på fleire visittar, og dei fekk straffespark, som Mathias Lønne Dyngeland redda. Like etter skåra dei eit flott mål. Dette målet skulle visa seg å bli kampens einaste, og det var litt typisk for denne kampen at Sigurd Haugen bomma frå straffemerket då Per Magnus Steiring vart lagt i bakken litt før full tid.

Les om kampen på Porten.no

Me snakka med keeper og kaptein Dyngeland etter kampen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video

Eirik Bakke var veldig skuffa over dagens prestasjon. Han var også veldig tydeleg på at dette ikkje var godt nok då han snakka med Sogn Avis: Klar tale frå Bakke

Med sigeren er Notodden klare for nok eit år i OBOS-ligaen, som i dag hadde desse resultata:

Florø - Mjøndalen 0-2
HamKam - Ull/Kisa 3-1
Jerv - Tromsdalen 0-1 
Levanger - Sandnes Ulf 3-4
Nest-Sotra - Åsane 1-0
Sogndal - Notodden 0-1
Strømmen - Aalesund 0-1
Viking - Kongsvinger 3-1

Etter 30 serierundar står me att med denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 23 17 1 5 72 39 33 52 V V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 23 15 5 3 68 35 33 50 V U V U V
3 Strømsgodset Strømsgodset 23 14 6 3 60 31 29 48 V V U V V
4 Stabæk Stabæk 23 14 3 6 57 29 28 45 V T T T V
5 Odd Odd 23 10 6 7 47 36 11 36 T V U T V
6 Bryne Bryne 23 11 2 10 32 31 1 35 V T T V V
7 Hødd Hødd 23 10 4 9 38 45 -7 34 T V U T T
8 Egersund Egersund 23 8 5 10 36 44 -8 29 T U U U T
9 Ranheim TF Ranheim TF 23 8 4 11 56 58 -2 28 T T U U V
10 Lyn Lyn 23 8 4 11 39 48 -9 28 V U U V T
11 Moss Moss 23 7 4 12 38 52 -14 25 U T V T V
12 Strømmen Strømmen 23 7 4 12 35 52 -17 25
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 23 7 3 13 32 42 -10 24 T V U T T
14 Sogndal Sogndal 23 6 5 12 38 53 -15 23 U T T U T
15 Åsane Åsane 23 5 5 13 34 52 -18 19 T U U U T
16 Raufoss Raufoss 23 6 1 16 26 61 -35 19 T T T V T

Me kan gratulera Viking og Mjøndalen med opprykk til Eliteserien 2019!!

Aalesund skal møta Nest-Sotra og Sogndal skal ut mot Ull/Kisa i kvalifiseringsspel den 25. november. Den kampen startar klokka 16.00.

Åsane må ut i kvalikkampar mot KFUM Oslo.

Me får no ein landslagspause, men om to veker skal det smella skikkeleg her på Fosshaugane Campus. Då kjem Ull/kisa, og dei skal møta ein revansjesugen gjeng.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: