Topp motstand i Marbella

Møter to gode lag på vår neste treningsleir

Etter dagens treningskamp mot Åsane, er det klart for nokre dagar med velfortent fri for gutta krutt.

Sidan treningsoppstarten har dei trent hardt og mykje, og spelt fem kampar. Nå skal dei lade batteria før det er ny tur til sydlegare strøk. Denne gong går turen til Marbella i Spania.

Tysdag 28/2 skal karane i elden mot sjølvaste Spartak Moskva. Det russiske storlaget ligg på toppen av ligaen og rundspelte nettopp Aalesund i ein kamp moskovittane vann 3-1.

Les meir om Spartak Moskva her

Les meir om russisk premier league her

Søndag 5/3 møter me eit anna godt lag som har spelt kvalifisering til Europa League dei siste åra, og som er eit av dei aller beste laga i Kviterussland, Shaktyor Soligorsk.

Desse to kampane vil gi oss gode referansar og god motstand no når me går inn i fase to av oppkøyringa mot Eliteserien 2017.

Annonse fra Obos-ligaen: