TROMSDALEN - SOGNDAL

TUIL Arena , Avspark sundag klokka 12.00

Me er klare til årets siste bortekamp i OBOS-ligaen 2018. I Runde 29 har me reist langt mot nord, og karane er klare til å kjempa om tre poeng mot Tromsdalen i morgon.

Me håpar at sogningane i Troms kjem og støttar gutane! Gjengen frå Voss/Vik/Jølster kom til Tromsø allereie fredag og dei har lyst på selskap på bortefeltet.

Salbu og co1
Finaste gjengen er klare til kamp mot Tromsdalen!

Med til Tromsø er to frå juniorlaget som gjekk vidare til semifinalen i NM på Tysdag. Eivind Helgesen og Adrian Solberg har jobba godt gjennom heile sesongen med Sogndal2, og no fortener dei å få smaka litt på det med tur i lag med A-laget.

Kamptroppen til morgondagens kamp:

Mathias Lønne Dyngeland, Kristian Rutlin, Per Magnus Steiring, Akor Jerome Adams, Ulrik Flo, Tomas Totland, Stanisa Mandic, Sigurd Haugen, Didé Fofana, Adrian Solberg, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Akeem Latifu, Eivind Helgesen, Ulrik Fredriksen, Jonas Fredriksen og Nikita Baranov.

Tromsdalen - Sogndal
TUIL Arena i Tromsdalen
Avspark sundag klokka 12.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: