Trond Olsen klar for Sogndal

Den fotrappe venstrekanten har signert ut sesongen 2019

Sogndal Fotball og Trond Olsen (f. 5/2 1984) er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2019. Trond er frå Lyngen i Troms og kjem til oss frå Bodø/Glimt

Trond er ein rutinert venstrekant med lang erfaring på toppnivå. Han står med 283  kampar for Glimt, 66 kampar for Rosenborg (2009-2011) og 67 kampar for Viking (2011-2013). Han står óg bokført med 35 aldersbestemte landskampar og 1 kamp for A-landslaget.

- Me er veldig glade for å ha Trond her hjå oss. Dette er ei viktig signering me har jobba ei stund med. Trond kjem inn med mykje erfaring og er klar til å bidra, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Sogndal er ein god klubb i norsk toppfotball med klare ambisjonar om opprykk til Eliteserien. Eg har høyrt mykje positivt om klubben og er glad for å vera her, seier Trond Olsen.

Trond har klare ambisjonar om å spela i Eliteserien med Sogndal neste år.

- Eg vil bidra med å heva prestasjonskulturen i gruppa, og gler meg til å ta fatt her.

Me kjem tilbake med videointervju med Trond seinare i veka.

Me ynskjer Trond Olsen velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: